Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Covid-19

Vi har hatt ein ekstraordinær situasjon, og våre prioriteringar er å ivareta innbyggjarane på ein best mogeleg måte.
På denne sida finn du heile tida siste nytt frå kommunen i samband koronaviruset. 
Regjeringa har oppretta ei eiga temaside for koronaviruset. Følg med her: regjeringen.no

Informasjon vedkomande behandling og testing av Covid 19

  • Behandling med dei nye tabelettane «Paxlovid» mot Corona blir tilrådd for pasientar med særleg høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom. Les meir om dette på Helsedirektoratet sine sider.
  • Dersom du treng sjølvtest så kan du få dette på rådhuset
  • Oppfriskningsdose med Pfizer vaksine kan du få ved å møte opp på drop-inn på legekontoret tysdag 10. januar mellom kl. 09 og 14.30
Paxlovid tabelettar mot korona

Tilbod om oppfriskingsdose mot Covid-19

Regjeringa har beslutta at kommunane nå kan gi oppfriskningsdose mot covid-19 til risikogrupper mellom 18 og 64 år. Tilbodet gjeld òg personar i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Dette vil i praksis seie at alle som tidligare har fått 4 vaksiner nå kan melde frå dersom dei ynskjer ei 5. dose. 

Det må vere minimum 4 månader sidan forrige dose og helst 3-4 månader etter gjennomgått Covidsjukdom (minimum 3 veker). 

Alle som vil ha vaksine må ta kontakt med legekontoret snarast. Det vil ikkje bli ringt eller sendt SMS med tilbod om vaksine. 

Vaksinestikk

Tilbud om 2.oppfriskningdose til personer 80 år og eldre

Folkehelseinstituttet vurderer at det basert på dagens kunnskap og situasjonen i Norge ikke er grunnlag for å gi en generell anbefaling om en 2. oppfriskningsdose (dose 4) til alle eldre. Folkehelseinstituttet har allikevel åpnet opp for at personer 80 år og eldre som har fått 3 doser og ikke har gjennomgått koronasykdom etter dette, kan få en ny oppfriskningsdose (dose 4) hvis de selv ønsker det. 


Vaksinestikk

Regjeringa fjerna mange koronatiltak. Oppdatert 2. februar!

Folk blir mindre sjuke av den virusvarianten som no herjer, og vaksinen gjev oss god beskyttelse. Derfor fjerna regjeringa i går kveld mange av koronatiltaka. 

Generelle råd

Praktiser god hand- og hostehygiene
Vaksiner deg
Hold deg heime ved sjukdom
Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftveissymptomer

regjeringen logo

Status på smitte og vaksinering per 21. januar 2022

Per dags dato er det ein person i isolasjon i Åseral. Ingen personar i karantene. Vaksinering med 3 dose held fram og fram til no har 495 personar teke denne.

86,1 % av personar over 18 år har teke 1 dose og 85,3 % over 18 år har teke 2 dose.

Covid 19 test

Vaksinering av barn og unge

Barn 5-11 år (født 2010-2016) KAN vaksinerast dersom foresette ønsker det. Det vil vere mest aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdomar
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særlig behov for beskyttelse
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårligare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunner lever i ein utsett situasjon
Vaksine

Ein ny smitta laurdag

Det vart laurdag kveld stadfesta ein ny smitte frå Åseral. Vedkomande er sett i isolasjon i ein anna kommune. Totalt er det for tida 3 personar i isolasjon.

Status på smitte og vaksinering per 14. januar 2022

Smitte:
Per i dag har vi 4 personar i isolasjon og 3 personar i karantene. Det har ikkje vore påvist noko ny smitte siste døgeret og det ser ut som om smitteutbrotet er under kontroll.

Vaksinering:
Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som har latt seg vaksinere. For dose 1 er snittet i landet på 92,7% over 18 år medan talet for Åseral er 85,6 %. For dose 2 er snittet i landet på 89,4% medan talet for Åseral er 84,6%. Tal på vaksinerte med 3 dose er 463.

Vaksinering held fram fortløpande i høve til 20 vekers regelen

Covid 19 test

Regjeringa endrar på dei nasjonale tilrådingane og tiltak

Endringa gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehager, skuler og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltakene skal vurderast på nytt i starten av februar.

regjeringen logo

Status på smitte i Åseral per 11. januar 2022

Vi har i dag fått 3 positive PCR prøver som vart tekne i helga. I tillegg har me 1 positiv hurtigtest i dag. Alle tilfella er nærkontakter av tidlegare smitta så smittevegen er kjent. Dette betyr at vi no har 6 personar i isolasjon og 3 i karantene. 

Korona+virus

Status på smitte og vaksinering per 7. januar 2022

Per i dag har vi 7 personar i isolasjon og 24 personar i karantene. Det har ikkje vore påvist noko ny smitte siste døgeret og det ser ut som om smitteutbrotet er under kontroll. Med ein stadig aukande smittesituasjon nasjonalt og ikkje minst i Agder er det særs viktig at folk er flinke til å holde seg til nasjonale råd og reglar.

Covid 19 test

Hastevedtak om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Åseral og Hægebostad kommunar.

Kommuneoverlegen har fatta følgande hastevedtak som vil vere gjeldande frå torsdag 06.01.2022. kl 08.00 og gjeld fram til torsdag 13.01.22 kl 08.00.

Smittekarantene for personar under 18 år
Karantenereglane i covid 19-føreskrifta § 4i skal også gjelde for personar under 18 år. Det tyder at det ikkje blir gjeve unntak frå smittekarantene for personar under 18 år. For fritak elles gjeld dei nasjonale reglane. Testing etter retningslinene for gjennomføring av smittekarantena kan skje ved sjølvtest eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell.

Paragraf

Fire nye smitta i Åseral

Det siste døgeret er det registrert 4 nye smitta personar i Åseral. 1 av desse er stadfesta gjennom PCR test medan dei 3 andre er gjennom hurtigtester. Dette betyr at vi per i dag har 5 personar i isolasjon og 17 personar i karantene. Alle nærkontakter skal vere kontakta. Dei 2 tilfella som er stadfesta via PCR (sundag kveld og i dag) er begge smitta av omikron-varianten.

Covid 19 test

Positiv hurtigtest 2. januar

Vi har ein positiv hurtigtest sundag kveld. 1 person er sett i isolasjon og 15 personar er sett i karantene. Alle nærkontakter er kontakta og har gjennomført test.

Korona+virus

Vaksinetal i Åseral i samband med nyttår

Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som er vaksinert. For dose 1 er snittet i landet på 92,5% over 18 år medan talet for Åseral er 85,9 %. For dose 2 er snittet i landet på 89% medan talet for Åseral er 84,1%. Under finn dykk tala som er henta ut idag når det antal vaksinerte i Åseral. Når det gjeld dose 3 så vart heile 130 personar vaksinert med denne i går.
Har du ikkje blitt vaksinert endå? Ta kontakt med legekontoret og det blir fiksa!

Vaksinestikk

Status på smitte og vaksinering i Åseral 29.12.2021

Kommunen har ikkje hatt nokon nye smittetilfelle i romjola og har heller ingen personar i karantene. Vi held difor fram med rapportering ei gong i veka dersom det ikkje er ny smitte.

Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990

Sjølvtest

Status på smitte og vaksinering i Åseral 23.12.2021

Kommunen mottok i dag melding om at ein tilsett på skulen som ikkje er busett i kommunen har testa positivt på korona etter siste skuledag på tysdag. Den tilsett og alle nærkontakter er fulgt opp og aktuelle sett i karantene.

Har du spørsmål om testing ta kontakt på koronatelefonen som blir bemanna i jola - Telefonnummer: 907 94 990

Sjølvtest

Nytt smittetilfelle tysdag

Kommunen har igjen motteke melding om ei positiv smitte. Dette er ein av dei som testa positivt på sjølvtest og som alt var i karantene som no er stadfesta smitta gjennom PCR test. Totalt er det no 17 personar i karantene i Åseral.

Korona+virus

Nye smittetilfelle i Åseral sundag

Kommunen har i dag fått stadfesta eit nytt tilfelle av smitte etter PCR test. Det dreier seg om om Deltaviruset denne gong. I tillegg har me 2 positive hurtigtester som det no er teke PCR test av og som me avventer svar på. Det er ingen samaheng mellom dei ulike tilfella og smittesporing pågår.

Koronabilete

Ny person med påvist smitte fredag 17. desember

Endå ein person fekk i dag påvist smitte. Denne personen er nærkontakt med tidlegare smitta og var difor allerie i karantene. Vedkomande var på møte i snøscooterklubben måndag kveld og me ber andre som var på dette møtet om å teste seg med hurtigtest om dei skulle kjenne symtomer.

Det er og stadfesta at smittetilfellet frå torsdag er av omikron varianten.

Andre dag på rad med ny smitte i Åseral

For andre dag på rad har kommunen motteke melding om nytt smittetilfelle. Smittesporing pågår og dei to tilfella kan ikkje knyttast til kvarandre. Dei smitta er i isolasjon og nærkontakter er i karantene.

Korona+virus

Ny smitte påvist i Åseral

Det vart i dag meldt om ein ny positiv prøve på Covid-19 i Åseral. Vedkomande og husstand er sett i isolasjon og karantene. Nærkontakter er sett i karantene. 

Korona+virus

Nye nasjonale smitteverntiltak frå 15. desember. Oppdatert!

Det viktigaste er framleis å ta vaksine så snart som råd, halde avstand til andre enn dei du bur saman med til dagleg, god hand og hostehygiene, hald deg heime om du er sjuk og bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand. Alle vert også oppmoda om å ha færre (få) nærkontaktar utanfor eigen husstand - særleg innandørs.

Korona+virus

Nye nasjonale smitteverntiltak trer i kraft natt til torsdag 9. desember (OPPDATERT!)

Regjeringen har beslutta å innføre ei rekke nasjonale smitteverntiltak for å få ned
belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forseinke og avgrense spreiinga av omikron.

Tiltaka baserer seg på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. I botnen finn du smittevernreglane for kommunale bygg gjeldande frå same dato.

Koronabilete

Positiv koronatest i Åseral

Vi har i kveld fått stadfesta ei positiv koronasmitte av typen Delta i kommunen. Vedkomande som er smitta er sett i isolasjon saman med husstadsmedlemmer. Arbeidet med smittesporing er ivareteke og den smitta blir fulgt opp.

Korona+virus

Smittetala aukar kring oss!

Smittetala auker stadig i heile landet, men framleis har vi ikkje noko ny smitte i Åseral. Delar av landet fekk igår pålegg frå regjeringa, men førebels er det berre tilrådingar for kommunane på Agder. Det er difor viktig at kvar einskild av oss følgjer desse nye råda så godt som mogleg. På det viset vonar me at kommunen skal kunne halde seg smittefri i tida fram mot jolehøgtida - og i all ettertid.

Koronabilete

Testing og framdrift vaksinering i Åseral kommune

TESTING
Du kan få hurtigtest for sjølvtesting på servicekontoret på rådhuset. Ring for å avtale henting - tlf 38285800. Ikkje gå inn dersom du har symptomer.

Skal du ha PCR-test må du avtale dette med legekontoret – tlf 38285900. Denne testen må takast før kl 10.30 for å få sendt den til laboratoriet same dag. Legekontoret tek også hurtigtestar.

VAKSINERING
I gruppa over 65 er nærast alle vaksinert med 3.dose av Pfizer-vaksinen. Vi startar nå med å vaksinere risikogruppene, og personar frå 64 år og nedover mot 45 år. Det skal gå om lag 6 månader mellom 2. og 3 dose.

Alle vi bli kontakta med telefon eller sms.

Ta kontakt med legekontoret dersom du ikkje høyrer ifrå oss – tlf 38285800.

Vaksine

Pandemien er ikkje over endå!

Sjølv om dei fleste restriksjonar no er oppheva er det viktig å ikkje senke skuldrane heilt endå. Smittetala har den siste tida auka kraftig og det er igjen viktig å halde på nokre enkle køyrereglar. På det viset unngår ein at pandemien kjem ut av kontroll med påfølgande nedstenging som resultat. Kommunen ber difor folk om å følgje nokre enkle reglar.

Korona+virus

Viktig å takke ja til vaksinedose 3

Alle personar over 65 år vil få ein telefon frå kommunen med tilbod om vaksinedose 3. Dersom folk har takka nei og så ombestemmer seg att, må dei sjølv ta kontakt med legekontoret.

Vaksine

3.dose med koronavaksine

Gjeld personar med nedsett immunforsvar. Vi oppfordrer personar som brukar immundempande medikament frå oversikten under til å ta kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00, så du kan få teke vaksine så fort som mogleg.

Vaksinestikk

12-15 åringar tilbys koronavaksinasjon

Regjeringa har vedteke å følgje Folkehelseinstituttet si tilråding om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 – 15 år. Åseral kommune vil sette i gang arbeidet med dette så snart som mogleg.

Snart er det din tur

Korona-testing i Åseral

Kva skal du gjere om du mistenker at du er smitta av covid-19?

Korona+virus

Fyrste tilfelle av Covid-19 i Åseral

Åseral kommune har i dag fått stadfesta ei positiv prøve på Covid-19 frå ein person med folkeregistrert adresse i kommunen. 

Korona%2Bvirus

Velkomen til vinterferie i Åseral

For snart eit år sida måtte kommunen gå ut med at folk ikkje var velkomne til å feire påska på hyttene sine. Dette fordi det var lagt ned nasjonalt forbod om dette. No står vinterferien for døra og pandemien raser framleis, men ting ser lysare ut no og det ligg ikkje noko nasjonalt forbod mot å reise på hytta. Det er difor med glede at kommunen ynskjer hyttefolk velkomne til å nyte ein velfortent ferie på hytta i Åseral. 

Vinter i fjellheimen i Åseral - Foto: Odd Helge Liestøl

Digital registreringsplikt ved innreise

For å betre smittekontrollen, vedtok regjeringa før jol at alle som reiser til Norge må registrere seg elektronisk. Frå og med 2. januar var det digitale reiseregisteret operativt.

Korona+virus

Korona: Joleråd frå regjeringa

Regjeringa har laga nasjonale råd for korleis vi best mogeleg kan gjennomføre jole- og nyttårsfeiringa og samtidig ivareta smittevernet.

 

Korona+virus

Status på koronasituasjonen i Åseral 17. november 2020

Åseral kommune er no ein av berre 38 kommunar i landet som så langt ikkje har registrert noko smitte. Innbyggarane i Åseral skal ha ros for korleis dei har handtert pandemien så langt, dette er hovudårsaka til at me framleis har unngått smitte.

Korona+virus

Informasjon frå Kriseleiinga 6. november

Dei siste vekene har talet på smitta auka kraftig. Det er særleg i dei større byane talet stig, men også mindre kommunar har fått større utbrot. Det er no registrert covid-19 i over 60 norske kommunar.

Vi er framleis ein av kommunane utan smitte og dei nye tiltaka fører ikkje med seg store endringar for vår del.
Kriseleiinga oppmodar likevel alle til å halde seg til dei nasjonale reglane og føringane for å unngå smitte.

Korona+virus

Endring i smitteverntiltak frå 28. oktober

Det vert stadig gjort endringar som gjeld dei nasjonale tiltaka i samband med pandemien. Kommunen vil oppdatere lokale smittevernreglar i høve til dette, men ber folk om å gå inn på regjeringa si eiga koronaside for å få med detaljar omkring endringane. www.regjeringen.no

Korona+virus

Utvida støtte til næringslivet grunna koronautbrotet

Åseral kommune fekk tildelt kr 725 000 gjennom statens 3. krisepakke til næringslivet.
Kommunane skal tildele desse midla til næringslivet for å motverka dei negative effektane av kronautbrotet. 

Korona+virus

Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivillighet

14. april kan frivillige lag og organisasjoner og arrangører i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte eller stengte arrangementer. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkerne kan bruke tiden fram mot 14. april på å forberede seg.

koronaavlyse lottstift

Heimepåske, smittevern og vakttelefonar

Påska står for døra, og i år skal me feire den heime. I Åseral er me framleis så heldig i skrivande stund at me ikkje har nokon smitta i kommunen. 

Påskeblomster

Påskehelsing frå Ordføraren

Tida vi er inne i er annleis og uverkeleg, og eg trur vi alle kjenner på ein uro når det gjeld koronakrisa.

På ein måte er det bra, for det gjer oss meir skjerpa og fokusert på smitteverntiltaka som er heilt naudsynte: Vi må vaske hendene godt, vi må halde 2 meters avstand og vi må ikkje samlast fleire enn 5 stk. på ein stad.

IngerLise teams

Vedrørande stenging av alpinbakker, løyper og overnatting

Det nærmer seg påskeferie, og i samband med dette kjem det opp spørsmål omkorleis vi skal forholda oss etter at regjeringa har fatta vedtak om at tiltaka for å bremse spredning av koronnaviruset vert forlenga til 13. april 2020.

illustrasjonsfoto vinter langs Øre

Kven ser etter hyttene i Åseral?

Politiet køyrer jamnleg rundar i hyttefelta for å sjå til at alt er i orden, og at ikkje ubudne gjester har vore på ferde.

Hyttefelt Bortelid

Åseral kommune ynskjer kontakt med ledig helsepersonell

Åseral kommune ynskjer kontakt med helsepersonell og studentar som ikkje er i arbeid, og som vil melde seg til teneste. 

Me ynskjer å få ein oversikt over kven me kan kontakte og innkalle dersom det blir behov for ekstramannskap.

Korona+virus

Meld frå om du er i karantene!

Alle som er i karantene i høve dei nasjonale retningslinene må melde frå til kommunen. Slik gjer du:

Korona+virus

Nye tiltak frå Stortinget

Stortinget blei i dag samde om nye tiltak som skal hjelpe landet gjennom koronakrisa.

Desse punkta har partia blitt samde om:

Korona+virus

Luftveisproblemer eller spørsmål om smitte?

Har du luftveisproblemer og spørsmål om smitte, skal skal du ringe 116117 heile døgnet og velge Kr. sand legevakt. Du vil så bli henvist til evt oppmøte på Tangvall legevakt i Søgne. Dette gjelder fra og med tirsdag 17.3.2020 og inntil videre. For ytterligere opplysninger se Kristiansand kommune sin hjemmeside vedr legevakt: https://www.kristiansand.kommune.no/legevakt.

Korona+virus

Helsing frå ordføraren: Kjære Åsdølar

Nå er vi inne i ei krevjande tid kor alle får ein annleis kvardag. Dei dramatiske tiltaka som er sett i verk gjer vi i håp om å hindre spreiinga av koronaviruset. Vi gjer det i solidaritet med dei eldre, dei kronisk sjuke og andre som er utsette for alvorleg sjukdom. Vi beskyttar oss sjølv for å beskytte andre.

ordførar

Orientering om koronavirus

Koronaviruset (SARS- COV-2) sprer seg, og i samband med dette ønskjer kommunelegen å orientere om følgande:

  • Legekontoret i Åseral eller legevakt bør ikkje oppsøkjst uanmeldt (for å skåne andre pasienter og evt. immunsvekka pasientar).
  • Ved mistenkt smitte, ringer ein til fastlegekontoret eller til legevakta. Det vil då bli gjort ei vurdering, og ved et anteke smittetilfelle vil legen avgjere korleis prøvetaking skal skje. Det vil ofte vere snakk om heimebesøk. Vær budd på at legen vil bruke smitteverntøy.
smitte plakat