Kven kan få ein slik bustad?
Kommunen skal tilby opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad lagt til rette for heildøgns tenester der dette etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste tilbodet som kan sikre pasient eller brukar naudsynte eller forsvarlege helse- og omsorgstenester.
Det er inntaksnemda i kommunen som handsamar søknad og fattar vedtak.
"Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Åseral kommune" ligg til grunn for tildeling.
Ein omsorgsbustad ligg ganske høgt i omsorgstrappa i kommunen og tenester på lågare nivå skal som hovudregel ha vore forsøkt før ein får tildelt ein slik bustad.
Sosial nettverk/behov kan vere eit kriteria. Ein må ha eit visst varig hjelpe- omsorgsbehov. Det skal ikkje vere behov for døgnkontinuerleg tilsyn, men tidfesta behov for hjelp.
Ein kan få tildelt omsorgsbustad for ein kortare periode, til dømes vinteropphald.
Kva kostar det?
Opphaldet blir regulert gjennom husleigekontrakt jmf husleigelova.
Oversikt over prisar finn du i kommunens gebyrregulativ/prisliste.