Bortelid skispor_comp

Bortelid

Bortelid ligg nordaust i kommunen, øvst i Logndalen, og er den største hyttegrenda i Åseral. Her er det i dag om lag 1400 fritidsbustader. Det er mogleg å leige hytte for ferieopphald. Bortelid kan skilte med eit rikt utval av aktiviteter for store og små, både i vinter- og sommarhalvåret. Her finn du eit av dei beste alpinanlegga på Sørlandet med 6 skitrekk og 14 nedfartar, flombelyst familiebakke med kveldskøyring, skicrossløype, skiband for dei minste, lysløype, varmestove med servering og meir enn 120 km preparerte skiløyper. Om sommaren kan du prøve deg på discgolf, gå fjellturar, fiske, bade, klatre, padle kano eller sykle i flotte tilrettelagte terrengsykkelløyper. Her finn du også lokal matbutikk og heilårscampingplass. Meir info finn du på bortelid.no.  

Ljosland vinterferien 005_comp

Ljosland

Ljosland ligg nordvest i kommunen og er den nest største hyttegrenda i Åseral. Ljosland ligg sentralt plassert i den sørnorske fjellheimen og er ein flott inngangsportal til Setesdal Vesthei. Her finn du høgfjellsnatur med fjelltoppar over 1000m. Store delar av fjellheimen her er verna og den er også leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa. Skisenteret har 2 skitrekk og 8 nedfartar, der den lengste traséen er 1590 meter. Skisenteret kan også tilby skiband for dei minste, skiskule og varmestove med servering. Med utgangspunkt i Ljoslandsbygda eller Ljosland skisenter har du enkelt tilgang til flott turterreng som ligg mellom 750 og 1050 moh og det er tilrettelagt for jakt, fiske og turar både sommar og vinter. Grønlitjønna, Lakkenstova, Skoræ eller fjellgarden Pytten er nokre av fleire fine turalternativ. På Ljosland Fjellstove kan du overnatte og nyte eit godt måltid. Her finn du også lokal matbutikk. Meir info: ljoslandinfo.no og nasjonalparkstyre.no

eikerapen1_comp

Eikerapen

Eikerapen er ein av tre hyttegrender i Åseral og er den som ligg lengst sør i kommunen. Eikerapen ligg i eit naturskjønt område og kan tilby aktivitetar heile året. Alpinanlegget har to skitrekk og fem ulike nedfartar, den lengste er på 1800 meter. Eikerapen Alpinsenter meiner dei har landsdelens beste alpintrasé og ypperlege offpiste-område. Varmestove med matservering og kioskvarer finn du sjølvsagt i området og Rabbenstova har øl- og vinservering. Du finn 30 km med preparerte skiløyper i vinterhalvåret og det er tilrettelagt med flotte, merka turløyper i sommerhalvåret. Treng du overnatting kan du leige ei hytte eller sjekke inn på Eikerapen Gjestegard. Fyrste helga i august kan du vere med på Eikerapen Rootsfestival. Meir info på eikerapen.info og eikerapen.com.