Radonmåling

  • Radon er ein usynlig og luktfri gass, som blir danna kontinuerlig i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vere låg, og helsefare oppstår først når gassen siv inn og blir konsentrert i vårt inne miljø.
  • Radon i inne luft auka risikoen for lungekreft. Auke av risiko blir bestemt av kor lang tid man blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er.
  • Det er enkelt å måle radon, og dersom radonnivåa skulle syne seg å være for høge, finnes det effektive radonreduserande tiltak.
  • Vi har valgt å samarbeide med ein leverandør for å forenkle arbeidet med kartlegging av radon i kommunen.
  • Kommunen anbefaler alle huseigarar til å få målt radonforekomsta i sine bygg. 

KORLEIS?

  • Vi anbefaler alle til å ta radonmålingar i eige hus.
  • Du må sjølv bestille målepakke(-ar).
  • Huseigarane står fritt til å velje ein annan leverandør enn Radonor. Målingar hos dei fleste aktørar kostar mellom 400 og 600 kroner, men prisane varierar.
  • Du finn ein oversikt over andre leverandørar av sporfilmar på nettsidene til Statens strålevern.  

KVA SKJER?

  • Når målinga di er analysert får du ein målerapport tilbake.
  • Resultata blir og rapportert (anonymt) til kommunen (Miljøretta helsevern).
  • Dette hjelper kommunen til å få oversikt over radontilhøva i kommunen og dannar grunnlag for ein offentlig rapport om radonrisikoen i ulike delar av kommunen.
  • Miljørettet helsevern kan gi deg råd om hvilke tiltak du bør sette i verk om målingen viser høye verdier. 

KOMMUNALE BYGG

  • I skular, barnehagar og utleigebustader som er omfatta av Strålevernforskrifta blir det stillt bindande krav til radonnivåa.
  • Når det gjelder andre bygningar anbefaler Statens strålevern at dei skal ha så låge radonnivå som praktisk mogleg og innafor anbefalte grenseverdiar.
  • Tiltaksgrense er 100 Bq/m3 og øvre grense 200 Bq/m3. 

MEIR OM RADON OG RADONMÅLINGAR

Farlig avfall, nedgravde oljetanker og forurenset grunn

Farlig avfall

Dette er avfall som kan gjere stor skade på naturen og mennesker, og det må derfor leverast inn til eit godkjent returpunkt for forsvarlig handsaming.
Tenesta er gratis for privatpersonar – og det kan leverast opp til 1 000 kg pr år – inkluderar impregnert trevirke og asbest. 


Nedgravde oljetankar

Mellom 1950 – 1980 var det ganske vanlag å installere oljefyr/kamin i bustadhus, med ein nedgravd oljetank utafor huset. I dag er det mindre vanlig at oljetankene er i bruk, blant anna på grunn av at prisen på å varme opp et bustadhus med olje er blitt dyrare enn andre løysingar.

  • «Tome» oljetankar vil som regel likevel alltid innehalde ein liten oljerest.
  • Tankene blir eldre og eldre, og faren for forureining aukar dersom ikkje eigaren jevnlig kontrollerar tanken.
  • Dette er eigaren sitt ansvar.
  • Lekkasje frå gamle oljetankar er eit lokalt miljøproblem, og kan føre til forureining av grunn og grunnvatn.
  • Ved lekkasje frå tanken er det eigar som er ansvarleg og som må dekke kostnadar for å rette opp uhellet på eigen og eventuelt andre sin grunn. 


Forureina grunn

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureinning (forureiningslova §7). Dette gjeld og forureining i grunnen. Dersom nokon ønsker å grave eller bygge på eit område kor det kan vere mistanke om forureining, må området undersøkast før det blir gravd eller bygd på, og regelverket må følgjast.

Kommunen er forureinningsmynde i saker som handsamast etter kapittel 2 i forureiningsforskrifta. For tiltak som strekk seg ut i sjøen er det Fylkesmannen som er mynde.

Sjå informasjon frå Miljødirektoratet, tiltakshavers sitt ansvar