Serverings- og eller skjenkeløyve

Serveringsløyve for mat og drikke

Planlegg du å starte ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. For å kunne søkje om skjenkeløyve for alkohol, må du fyrst ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under for å søkje om serveringsløyve.

Salsløyve - For butikkar som skal selje alkohol

Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje få salsløyve. Salsløyvet vert gitt for fire år om gongen.

Korleis få salsløyve?

Salsløyvet vert gitt til den personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under. I søknaden må du mellom anna gje opplysningar om staden, eigartilhøve og namn på styrar og avløysar for løyvet. 

Desse vedlegga må følgje med søknad om salsløyve:

  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om).
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.

Kva kostar det?

Prisen for eit salsløyve blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Minstegebyret er 1380,- per år.

Ambulerande skjenkeløyve - For enkelthøve, ope eller lukka arrangement

Ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve kan søkjast av personar som ønskjer å servera alkoholhaldig drikke i samband med eit lukka selskap eller eit bestemt høve.

Ambulerande skjenkeløyve 

  • Vert brukt ved bryllaup, jubileum og liknande.
  • Ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking til lukka selskap.
  • Arrangementet må vera ope berre for inviterte gjester. 
  • Vanlege medlemsmøte i ei foreining vil ikkje oppfylla lovas krav til lukka selskap. Klubbar med avgrensa medlemskap vert ikkje automatisk rekna som lukka selskap.

 Du må søkja om ambulerande skjenkeløyve dersom

  • Du leiger lokale og fleire tenester av utleigar, til dømes vasking og servering.
  • Du tar betalt for alkohol.
  • Arrangementslokalet har serveringsløyve.

Skjenkeløyve ved enkelthøve

  • Vert brukt ved enkeltarrangement som ikkje er lukka selskap.
  • Ansvarleg skjenkestyrar må vera over 20 år.

Du må søkja om skjenkeløyve ved enkelthøve dersom

  • Arrangementet ikkje er for eit lukka selskap
  • Du inviterer/annonserer via annonsar, plakatar eller sosiale medier
  • Lokalet som blir benytta er alment tilgjengeleg for offentlegheita og definert som eit forsamlingslokale

Etablerarprøva

Kven kan ta etablerarprøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Dersom du skal vera dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøva. 

Pensum

Du finn læremateriell til etablerarprøva på nettbutikken vinn.no

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- å avlegga etablerarprøva.

Slik går du fram

Ta kontakt på 38285800 for å avtala tid for avlegging av prøve.

Kunnskapsprøver

Kunnskapsprøver for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøve: Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på serveringsstad.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvene. Dersom du skal bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøva. Du må i tillegg ha fylt 20 år.

Pensum

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng å vita før kunnskapsprøvene, til dømes på vinn.no.

Kva kostar det?

Pris blir regulert sentralt og kjem fram i prislista kvart år

Slik går du fram for å ta prøvene

Ta kontakt med Servicetorget på telefon 38285800 for å avtala tid for avlegging av prøve.

Alkoholpolitiske retningsliner 2020-2024

Åseral kommune skal forvalte tildeling og oppfølging av sal- og skjenkeløyve på ein forsvarleg måte. Dette dokument er kommunens retningslinjer for handtering av sals- og skjenkeløyver og er i så måte bindande for all sakshandsaming av søknader om sals- og skjenkeløyver. Retningslinjene er utarbeida etter dei mål og verdiar som er vedteke i gjeldande ruspolitisk handlingsplan.

Vedtekne alkoholpolitiske retningslinjer for Åseral kommune 2020 - 2024.pdf