Formål

Påvisning og eventuell nymerking av grense etter målebrev/matrikkelbrev.
Dette gjeld grenser som er koordinatbestemt i tidligere kart- og delingsforretning eller oppmålingsforretning. 

Det kan og rekvirerast oppmålingsforretning for det som gjeld klarlegging av eksisterande grense etter eldre dokument, til dømes skyldskifte/skylddeling.

Kven kan rekvirere

  • Påvisning med nymerking av eksisterande grenser kan rekvireres av heimelshavar, festar, advokater, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt jf. matrikkelova § 17.
  • I dei tilfella kor det er eit firma som er eigar av eigedomen, blir det forlanga ein vedlagt firmaattest av nyare dato.

Rekvisisjonen skal innehalde

  • På  rekvisisjonskjemaet krysses det av på pkt.3.2;  "Klarlegging av eksisterande grense......"
  • Kart der det tydelig går fram kva for punkt som skal merkast på nytt, eller kopi av målebrev/skylddeling der punkta er markert/beskrive.

rekvisisjonsskjema

Saksgang

  • Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, blir varsel om tidspunkt for oppmålingsforretninga sendt til rekvirent og naboar til den aktuelle grensestrekninga.
  • Partene blir varsla seinast 2 veker i forkant hvis ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskriften § 37).
  • Dersom nokon skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Syner til matrikkelforskrifta § 36, klarlegging av eksisterande grense.
  • Under oppmålingsforretninga påviser landmålar dei grensepunkt som i følgje rekvisisjonen skal påvisast og merkast på nytt.
  • Nye grensemerke blir eventuelt sett ned og målt.
  • Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.

Matrikkelbrev

  • Etter at oppmålingsforretninga er halden vil det bli utarbeidd matrikkelbrev  for eigedomen som har fått klarlagt sine grenser.
  • Dette sendes rekvirentane og partane med 3 vekers klagefrist frå det tidspunkt då man har motteke matrikkelbrevet.