Når det gjeld gruppeundervisning så vil dette krevje ei viss deltaking før dette blir sett i gang. Nærare opplysningar og bindande påmelding for desse vil me difor kome attende til.

Disiplin

Type

Undervisningsstad

Gitar

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Panfløyte

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Tverrfløyte

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Piano

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

Trommer

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

Visuell kunst 

Gruppeundervisning

Kyrkjebygd/Minne

Dans (sjangre som moderne, pop, arabisk)

Gruppeundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

Frå hausen 2023 vil vi ha eit prøveprosjekt med samspel/band ein dag i veka i musikkrommet. Dette blir i fyrste omgong gratis, og er både for elevar i kulturskulen og andre som har lyst til å spele saman. Vi håpar dette blir ein arena der vi kan lære av kvarandre og teste ut forskjellige stilartar over tid. Her er det ope for alle instrument!

I tillegg vil det vere mogleg å delta på arrangement ved Musikkverkstedet Byremo. Desse finn du her: https://www.facebook.com/musikkverkstedet

SØKNAD:
Søknadsfrist om plass for hausten 2023 er 1. juli. Søknadsfrist vårsemester 1. november. Dersom du alt er elev og skal halde fram treng du ikkje søke på nytt.

KONTINGENT 2023: (Vedtak kommunestyret kvart år)

Type undervisning

Pris per semester

Pris per år

Soloundervisning

1600,-

3200,-

Gruppeundervisning

800,-

1600,-

Materiellkostnader kunst

500,-

1000,-

50% søskenmoderasjon i foreldrebetalinga for den yngste eleven frå og med søsken nr.3.

 

Søknad

Søknadsfrist om plass for haustsemester er 1. juli og for vårsemester 1. novemberdigitalt søknadsskjema finn du her! 
NB! Send inn ein seperat søknad for kvar elev dersom det er fleire i husstanden.

Alle som har plass vil bli vidareført til neste semseter om plassen ikkje vert sagt opp - skjema for oppseiinga av plass i kulturskulen finn du her

Retningslinjer for opptak i kulturskulen finn du her