Kven får plass?
Tildeling skjer ut frå søknad, helseopplysningar og vurdering av individuelle behov.
Før tildeling eller plass på venteliste blir det innhenta:
- opplysingar frå pasient/brukar og frå pårørande/verje
- opplysingar frå heimetenesta dersom søkjar mottar heimetenester
- dokumentert kartlegging inkludert oppdatert IPLOS-registrering
- medisinske opplysingar frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta
Det er inntaksnemda i kommunen som handsamar søknaden og fattar vedtak, og det er Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Åseral kommune som ligg til grunn.
Ektefelle/sambuar til ein person som får eller har fått langtidsopphald, kan etter søknad få bu saman med ektefelle/sambuar dersom dette let seg gjennomføre i praksis.
Kva kostar det?
Betaling for langtidsopphald er regulert i Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester.
Kor mykje du skal betale avhenger av din økonomi, og det vil bli innhenta naudsynte inntektsopplysingar for å gjere ei slik berekning.