lordehytta comp

Skitur: Lordehytta

Langt inn i fjellheimen ligg Lordehytta, som vart reist av Lord Salvesen på byrjinga av 1900-talet. Hytta har blitt eit ynda turistmål og mange tek den lange vegen inn til Vivatn for å sjå på hytta som ruvar storslått og nærast magisk i det vidstrakte heieterrenget. Turen er 22 km tur/retur frå Røyseland. Her er det fint å parkere. I samband med Lordehytta si 100 års jubileum i 2012 vart det tarbeida eit hefte med historia om hytta og Lorden. Heftet får du kjøpt på Minne kultursenter og på servicekontoret på rådhuset. Kart og kompass bør vere med i sekken. I tillegg kan brosjyra med oppmerka rute vera nyttig å ha med.

Storavatn Randi Byremo comp

Skitur: Storavatn rundt

Storavatn ligg i Eikerapen. Storavatnløypa er ei løype i le for vêr og vind og er ein del av løypenettet i Eikerapen. Løypa er variert, småkupert og har ein «snill» profil. Total lengde er 10 km. Fin for barnefamiliar dersom ein tek skitrekket opp til toppen.

Ljosløype comp

Skitur: Ljosløypa i Kyrkjebygd

Løypa er totalt ca. 3,5 km lang og er sentralt plassert i Kyrkjebygd sentrum. Her har du moglegheiter for ulike sløyfer og løype-lengder. Ein trasè er 2,5 km - ein 3,5 km. Løypa er barnevenleg, lett kupert og eignar seg utmerka til både trening og mosjon. Ljos vert tent manuelt - brytar på vegg bak helsehus ved løype. Ljos vert slokka automatisk kl. 22:00. Parkering ved Åseral rådhus.

lakken vinter comp

Skitur: Lakkenstova

Lakkenstova er ei sjølvbetjent DNT-hytte som ligg langt sør i Setesdalsheiene, like nord for Skoræ og Lisla Øyvatn. Hytta ligg godt over tregrensa i steinete snauhei med flott turterreng og mange fine fjelltoppar. Lakkenstova har proviant og står ulåst. Hovudhytta har 26 sengeplassar, sikrings-hytta har 10. I sikringshytta er det eige rom for hund og eigar. Turen er om lag 14 km t/r frå Ljolsand skisenter. Her er det fint å parkere. Det er også mogleg å parkere ved Kvernevassdammen i sommarhalvåret.

ånebjør comp

Skitur: Ånebjør

Ei flott slak løype utan for mykje bakkar. I enden av løypa kjem du til Ånebjør, eit nydeleg hyttetun. Det er og mogeleg å forlenge ruta opp til Saurbu, ein gamal busetingsplass. Det er omlag 17 km tur/retur til Ånebjør. For å kome til denne løypa køyrer du til enden av vegen i Bortelid.

Snøfjell 2020_foto AKTollefsen comp

Gåtur: Snøfjell

Turen er 6 km tur/retur. Snøfjell ligg 653 moh og er ein flott tur med start frå Handeland. På toppen finn du restar av eit våkttårn frå 2. verdskrig. Ta av frå FV455 ved Kylland og køyr mot Ekså/Flystveit. Etter om lag 7 km er det parkering til venstre like etter Handeland hyttegrend (like forbi Lundemyr). Frå parkeringsplassen går du tilbake i retning Lundemyr (700 meter) til bomveg og Handeland hyttegrend. Følg veg gjennom hyttefeltet til snuplass, følg deretter skogsvegen mot aust oppover heia. Siste strekket før toppen mangler sti, men greit å finne fram hvis god sikt. På toppen står en liten varde.

homvassheia 708 AKTollefsen

Gåtur: Homvassheia 708

Turen er 8 km tur/retur. Start ved Eikerapen alpinsenter. Følg merka sti opp bakken til venstre for skiheisen og vidare oppover langs elva. Ved Kråkelitjønnæ flatar stien ut. Gå langs vatnet og ta til venstre over brua ved utløpet av Storavatnet. Følg stien opp langs vestsida av vannet ca. 200 m til stikryss. Ta til venstre mot Storeslåtta. Hald fram i samme retning og langsetter bekken opp til fjellrinnen. Følg dette høgdedraget til toppen. 

rofjell comp

Gåtur: Rofjedde

Turen er 5 km tur/retur. Parkering og turstart frå idrettsparken i Bordalen. Gå langs fotballbanen. Følg skilt/merking frå lagerbygg i nordenden av banen. Etter om lag 300 m på sti gjennom skogen, kjem du til eit sti-kryss. Ta til venstre og følg merking/skilt mot Rofjedde. Dette er ein krevjande tur med  nokre parti som er veldig bratte. Frå toppen som ligg 688 moh er utsikten fantastisk i alle retningar. 

byvegen comp

Gåtur: Gamle byvegen

Start frå Grokleiv i Kyrkjebygda og gå langs gamle byvegen. Dette var opphaveleg ein hesteveg og var hovudferdelsåra mellom Åseral og Kristiansand. Ein kan gå turen til Vormeli og attende, eller halde fram heile vegen til Sveindal. Stien er merka. Køyr inn til byggefeltet i Grokeliv og følg vegen som går rett fram. I enden av vegen her kjem du til ein snuplass. Her er det mogleg å parkere.  

Lordehytta 2019 foto AK

Gåtur: Lordehytta

Langt inn i fjellheimen ligg Lordehytta, som vart reist av Lord Salvesen på byrjinga av 1900-talet. Hytta har blitt eit ynda turistmål og mange tek den lange vegen inn til Vivatn for å sjå på hytta som ruvar storslått og nærast magisk i det vidstrakte heieterrenget. Turen er ikkje merka og er 22 km tur/retur frå Røysland. Her er det fint å parkere. I samband med Lordehytta si 100 års jubileum i 2012 vart det utarbeida eit hefte med heile historia om hytta og Lorden. Heftet får du kjøpt på Minne kultursenter og på servicekontoret på rådhuset. Kart og kompass bør vere med i sekken. I tillegg kan brosjyra med oppmerka rute vera nyttig å ha med.

lakken sommer comp

Gåtur: Lakkenstova

Lakkenstova er ei sjølvbetjent DNT-hytte som ligg langt sør i Setesdalsheiene, like nord for Skoræ og Lisla Øyvatn. Hytta ligg flott til godt over tregrensa i steinete snauhei med flott turterreng og mange fine fjelltoppar. Lakkenstova har proviant og står ulåst. Hovudhytta har 26 sengeplassar, sikrings-hytta har 10. I sikringshytta er det eige rom for hund og eigar. Turen er om lag 14 km t/r frå Ljosland skisenter. Her er det fint å parkere. Det er også mogleg å parkere ved Kvernevassdammen i sommarhalvåret.

Skorae comp

Gåtur: Skoræ

Skoræ ligg på 1041 moh og er rekna som Noregs sørlegaste topp over 1000 meter. Toppen ligg i fjellet vest for Ljosland og er Åseral sin høgaste fjelltopp. Følg skilta løype frå Farevatn opp Farstøldalen til du kjem til stikrysset i Skorstean. Herfrå er det to kilometer opp til toppen av Skoræ. Stien er merka/varda frå Skorstean og eit stykke oppover mot toppen. Parkering ved Ljosland skisenter.

Gaukhei comp

Gåtur: Ljosland - Gaukhei - Ljosland

Dette er ein flott og klassisk fjelltur inn til DNT-hytta på Gaukhei, der du på vegen passerer historiske Skotthommen og Pytten. Turen startar ved Langevatn. Om sommaren er det servering og middag på Gaukhei. Sjå www.dntsor.no for meir info. 

Skrivaren comp

Gåtur: Skrivarknuten

Turen er 10 km tur/retur. Skrivarknuten ligg 985 moh i fjellheimen på Bortelid. Dette er en krevjande topptur i kupert terreng. Start frå Bortelid skisenter og ta DNT-løypa mot Gaukhei. Hald denne til du ser skilt til Skrivarknuten (ved Vetreskardtjønna). Herfrå tek du mot vest og Skrivarknuten som ligg 2,5 km frå Gaukhei-stien. 

Dagsturhytta Tippin

Gåtur: Dagsturhytta

Dagsturhytta Tippin ligg luftig og eksponert til like nord for Kyrkjebygda. Frå hytta er det flott utsikt over bygda og Øre. Frå parkeringsplassen ved Åseral idrettspark tek turen rundt 1 time tur/retur. På vegen oppover lia til dagsturhytta er det lagt inn ein del overraskingar for dei som har auga med seg og ser godt etter. 
 

Tippin er et dagsturmål der du kan ta ein pause, ete matpakka, treffe andre, oppleve naturen omkring, gå innomhus for å få varmen på kalde haustdagar og kanskje bla i ei bok? Hytta er 25 m2 stor og har både bibliotek og vedomn. Her kan du finne bøker om både natur, lokal historie, eventyr og mykje anna. Bøkene er meint å skulle lesast når du er på hytta og kan ikkje lånast med heim. Ta med eigen ved dersom du vil fyre. Dagsturhytta har solcelleanlegg slik at du har lys tilgjengeleg om det skulle bli mørkt ute. Hytta er berre meint for dagsbesøk, så har du lyst til å overnatte må det eventuelt gjerast i ei hengekøye eller liknande i nærleiken. 
Turbiblioteket er et samarbeid mellom Agder fylkesbibliotek og folkebiblioteket i Åseral kommune.
Her kan du sjå kva Marits turblogg meiner om turen opp til Tippin

t1

DNT - Løypenett og hytter

Frå Ljosland og Bortelid finn du starten på fleire av DNT sine raudmerka turar i Setesdalheiene. Dei næraste hyttene er Lakkenstova, Josephsbu, Kvinen og Gaukhei. Meir info finn du på dntsor.no.