BadeplassLislehylen_comp

Lislehylen/Storehylen

I Kyrkjebygd ligg det to flotte tilrettelagde badeplassar like ved rådhuset, ein på kvar side av brua. Her finn du sandsstrand, benker og bord, grillplass, sandvolleybane og toalett. 
Køyr forbi avkøyrsla til rådhuset. Parkeringsplassen ligg på høgre side av vegen like etter denne. 

Badeplass Åknes_comp

Åknes

På Åknes finn du ein av Åseral sine beste badeplassar med sandstrand, benker og bord, grillar, sandvolleybane og toalettanlegg. Badeplassen ligg like ved Åknes kapell på Lognavatn. Følg FV455 frå Kyrkjebygd nordover mot Bortelid. Ved Lognavatn tek du av til høgre og inn på Austegardsvegen. Etter 250 meter tek du til høgre ned til kapellet.

bortelid beach_comp

Bortelid

På Bortelid er det fleire flotte badeplassar. Ved Rundatjønn og Bortelidtjønna finn du sandstrender, Murtebekken som går frå sentrum og sørover ned til Murtetjønn er flust av fine badekulpar og i nordenden av Juvatn er det flott å bade på svaberga, særskild når vannstanden er låg. Då kan du også sjå mange flotte jettegryter opp-etter vassdraget. For fleire tips sjå www.bortelid.no/kart

Bading i Monn på Ljosland_Eirik Birkeland

Ljosland

På Ljosland er det mange stader ein kan bade, og her kjem nokre forslag: I elva ved Ljosland Fjellstove, i fossen mellom Tjønna og Langevatn, i Ljoslandsvatnet ved hytte-feltet i Kløystøl eller Grønlitjønn.