Vilkår som må vere oppfylt for å få ein sak tatt opp:

  • Kommunelova har krav til at 2 prosent eller 300 underskrifter støtter forslaget.
  • Dei som står bak forslaget, eller skriv under på ein sak, må vere registrert busett i kommunen.
  • Forslag må gjelde kommunen sin verksemd.
  • Kommunestyret har ikkje plikt til å handsame saka dersom same sak er handsama i løpet av valperioden.

Det er ikkje eit krav at dei som står bak forslaget har stemmerett.  Det betyr at forslag og kan fremmast av personar under 18 år. Kommunestyret plikter sjølv å ta stilling til forslag som vert lagt fram.

På Minsak.no kan du enkelt foreslå ein sak til kommunen.

Les meir om innbyggjarforslag i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet sin rettleiar om innbyggjarforslag:  H-2149bred24.fm (regjeringen.no)

Innbyggarforslag er heimla i kommunelova § 12-1: Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) - Kapittel 12. Innbyggerdeltakelse - Lovdata