Jakt på elg, hjort og rådyr

I Åseral kommune følgjer jakt på hjortevilt dei nasjonale jakttidene og er frå:

Elg: 25. september – 23. desember

Hjort: 1. september – 23. desember 

Rådyr: 1. september – 23. desember 

Vaksen rådyrbukk: 10. august – 23. desember 

Jakt på bever

I Åseral kommune følgjer jakt på bever dei nasjonale jakttidene og er frå 1. oktober til 30. april, jf. Forskrift om tilgjenge til jakt og fangst av bever, Åseral kommune, Vest-Agder

Minsteareal

 ElgHjortRådyr
Minsteareal5000 daa5000 daa 500 daa 

Jf. Forskrift om adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr, Åseral kommune, Agder

Fellingsavgift

Art KalvVaksen
Elg230 kr 400 kr
Hjort180 kr300 kr 

Godkjenning og endring av vald

Dersom det er endringar - nye grunneigarar i valdet, valdet skal utvidast, eller eigedom skal trekkjast ut av vald - så må jaktrettshavar melde dette skriftleg til valdsansvarleg med kopi til kommunen innan 1. april. Ved ein eller fleire endringar i valdet så skal valdsansvarleg senda ein samla søknad om godkjenning av valdet til kommunen innan 1. mai, for ny godkjenning.

Skjema til søknad om godkjenning av vald: Søknad om godkjenning av vald

 

Søknad om godkjenning av vald blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Bestandsplan

Vald som disponerer eit teljande areal på minimum 20 gonger minstearealet kan søkja kommunen om godkjenning av ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for elg og/eller hjort, jf. §15 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt

Frist for å søkja kommunen om godkjenning eller endring av bestandsplan er 1. mai.

 

Søknad om godkjenning av bestandsplan blir send til kommunen:

Epost: post@aseral.kommune.no

Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral