Demenslidelser
Personer med demens har redusert hukommelse og svekka mental kapasitet som fører til nedsatt evne til å utføra aktiviteter i dagliglivet. Personen kan få vanskeligheter med å oppretthalda ferdigheter og meistra kvardagen. Nyttig informasjon om demens finn du her: nasjonalforeningen.no
Åseral kommune har tilrettelagte tilbod for personer med demens og deira pårørande:
- Interkommunal pårørande skule
- Samtale/ veiledning
Pårørendeskulen
Pårørendeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege forelesningar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personar med demens, deg som pårørenda og øvrige familie.
Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Hukommelsesteamet i Setesdal
Lokalmedisinske tenester Setesdal er eit interkommunalt helsesamarbeid mellom Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommune. Evje og Hornnes kommune er vertskommune.