Slam
Det er Hægebostad og Åseral renovasjon (HÅR) som hentar slam frå private og kommunale anlegg i kommunen.
Skal du bygge privat avløpsanlegg?
Ved å installere moderne avløpsreinseanlegg vil du gjere ein stor innsats for å betre vasskvaltiten i lokale bekkar, elvar og tjønner.
Avløpsvatn er det vatnet som er brukt inne i huset til toalett, bad, vaskerom eller kjøkken. Dette vatnet inneheld fosfor, nitrogen, organisk materiale og sjukdomsframkallande bakteriar.
For å bygge eit privat avløpsreinseanlegg må du søke om utsleppsløyve. Dette kan du som privat person ikkje gjere sjølv. Ein ansvarleg søkjar skal ha vere bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkjar skal vere eit føretak som fyllar krava i plan- og bygningslova.
Gjer deg kjent med Åseral kommune sine retningsliner for private avløpsanlegg.
Det er Hægebostad og Åseral renovasjon (HÅR) som hentar slam frå private og kommunale anlegg i kommunen.