Informasjon om koordinator og individuell plan

For deg som har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven (HESO) §7-2, skal kommunen tilby koordinator og individuell plan. Med behov for «koordinerte tenester» meinast at behova må gjelde to eller fleire helse- og omsorgstenester, det vil seia tenester frå ulike tenesteytere, og at tenestene bør sjåast i samanheng. Med behov for langvarige tenester meinast at behova bør ha ein viss varighet, men det kreves ikkje at behova skal vera varig, eller strekke seg over eit bestemt antal månedar eller år.

Ein individuell plan er eit verktøy for samarbeid og ein rettighet for dei som har behov for langvarig og koordinerte tenester jamfør helse- og omsorgstjenesteloven § 7-1. Retten til ein individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon.

Planen i seg sjølv utløyser ikkje rettigheter til tenester. Tenesten er gratis.

En koordinator er en tenesteyter som skal:

  • vera kontaktperson for deg og for medlemane i ansvarsgruppa
  • ha oversikt over dei tenesteytare som bistår deg, og innhente samtykke for videre samhandling
  • planlegge ansvarsgruppemøte i samarbeid med deg, kalle inn, gjennomføra møte og sjå til at referat blir skrevet
  • informere om og vera ansvarleg for at det utarbeidas ein individuell plan dersom du har behov for dette
  • delegere ansvarsoppgåver i ansvarsgruppa
  • sørge for oppnemning av ny koordinator ved lengre fråver

En individuell plan kan:

  • hjelpe deg til å kartlegge din livssituasjon og setja deg mål for kvardagen
  • gje ein oversikt over deltakarane i ansvarsgruppa
  • sikre at dine samarbeidspartnere samarbeider med deg og kvarandre
  • bidra til mindre brevutvekslinger, og er eit elektronisk kommunikasjonsverktøy der deltakarane kan senda beskjeder til kvarandre

Slik søker du

Du eller person gitt skriftleg fullmakt må ønske og samtykke oppnemnast koordinator for utarbeiding av individuell plan. Når du har søkt og saka er vurdert, vil kommunen sende skriftleg svar på søknaden din.

Henvisningsskjema inn her? Har vi det?

Born under 16 år

For born under 16 år er det bornets foreldre eller andre med foreldreansvar som kan samtykke. Born over 16 år kan som hovedregel sjølv gje samtykke.

Kva koster det?

Tenesten er gratis.