Legevakt

Vi har legevaktfunksjon på dagtid, 8-15. Dersom du treng lege i tidsromet 15-08 må du ringe 116117. Du vil då få kontakt med Kristiansand legevakt som vil sette deg i kontakt med vakthavande lege dersom det er noko som ikkje kan vente til neste dag.

Tinge legetime på nett

Du kan tinge legetime via besoklegen.no

Opprett ein brukar, og logg inn her:
Besoklegen.no

 

Tinging av medisiner

For medisinbestilling – ver ute i god tid. E-reseptar vert som regel signerte og klar for henting i løpet av ettermiddagen den dagen du bestiller medisiner. Forsendelse av medisiner til Coop Åseral kjem som regel opp same dagen, men kan ta inntil 2 dagar dersom apoteket må bestille frå sentrallageret.

Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er medisinskfaglig rådgjevar i kommunen og er blant anna smittevernansvarlig og har ansvar for kommunens smittevernplan. Ho arbeidar med folkehelse, deltek i miljøretta helsevern og er sentral i beredskapsarbeid.