Historie

1 1837 var Åseral eit annekssokn til Bjelland prestegjeld. Sidan blei Åseral frådelt frå sitt hovudsokn av ein fylkesgrense: Åseral sokna til Nedenes amt (frå 1919 kjent som Aust-Agder), medan Bjelland hovudsokn sokna til Lister og Mandals amt (frå 1919 kjent som Vest-Agder). Det måtte difor bli oppretta eit eige formannskapsdistrikt (for liknande problemstillingar sjå òg Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal og Strømm – samt Hemne).

Den 1. september 1880 blei Åseral overført frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke. Frå 01.01.2020 vart dei ein del av eit samslått Agder.

Per 01.10.2023 er det 909 innbyggjarar i Åseral kommune.
 

Natur og geografi

Den vestlege delen av Agder tilhøyrer det svekonorvegiske grunnfjellskjoldet, og består av to geologiske hovudformasjonar av proterozoiske bergartar som er danna under dei gotiske og seinare svekonorvegiske fjellkjedeforldingane, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[1] Eit underlag av 1 600 - 1 450 millionar år gamal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovanpå dette sure overflatestrukturer av både granitt og granodioritt (henholdsvis 1 250 - 1 000 mill år gamalt, og stadvis 1 550 - 1 480 millionar år gamalt). Dei yngste svekonorvegiske danningane vitnar av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldingen nådde ikkje ned her. Forkastningane gjeng både i sørvest-nordøst retning, og i sør-nord retning.[2]

Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og består av tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse blir smelta saman i vatnet Øre, og frå Øre sitt utløp er navnet Mandalselva. Gyvatn, Nåvatnet og Rundatjønn er andre vatn i kommunen.

Jord- og skogbruk er viktige næringar og 23% av dei sysselsette arbeider i desse primærnæringane. Turisme er eit satsingsområde i kommunen som har tre hytteområder og tre alpinsentre: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områdene er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.

Åseral er ein kraftkommune med fleire damanlegg og kraftverk: Håverstad, Longa, Skjerka og Smeland, med ein samla årleg produksjon på 1 205GWh.

 

Kultur

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. I 2010 opna Minne Åseral kultursenter i Kyrkjebygda i Åseral. Kulturhuset romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé på sumaren.

 

Kommunevåpen

I 1987 gjorde Åseral kommunestyre vedtak om at motivet "Hestesko" skulle brukast som kommunevåpen i Åseral. 20. januar 1989 blei våpen og flagg for Åseral kommune godkjent i statsråd.

Motivet "Hestesko" var eit av mange forslag som kom inn frå publikum etter ein konkurranse blant kommunen sine innbyggjarar. I fyrste omgang var hesteskoen ei tredje prioritering etter handsaming i kommunestyret, men etter kvart segla forslaget opp til å bli ein vinnar.

Opprinneleg var hesteskoen snudd andre vegen, men det blei påpeika i eit skriv frå riksarkivet at "hesteskoen i heraldisk framstilling" må endrast. Dermed blei motivet slik det er i dag.  Det var også satt fram mange forslag til farger på våpenet, mellom anna gull på raud botn, men det enda til slutt opp med sølv hestesko på grøn botn.

Hesteskoen symboliserar hesten som eit viktig husdyr i fjellbygda før i tida. Arbeidshest og framkomstmiddel sommar som vinter. Hesteskoen symboliserar dessutan hell og lukke