Fleire eigedomar som ligg i same kommune og har same heimelshaver, kan krevje eigedomane slått saman til ein eigedom, jf. matrikkellova § 18 og pbl. § 21-4 (vilkår sett av kommunen). Som hovudregel blir det krevd at eigedomane grenser opp til kvarandre.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing blir panterett utvida til heile den samanslåtte eigedomen eller festeretten.

Kven kan rekvirere?

Sammenslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel ved at heimelshavar(ane) skriv under på skjemaet, "Krav om sammenslåing".

KRAV OM SAMMENSLÅING - FYLL UT SKJEMA HER

Saksgang

Kommunen kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet blir sendt vidare til tinglysing.

På same måte kan fleire festerettar slåast saman dersom dei ligg på same grunneigedom. Samanslåing av festerettar kan krevjast av heimelshavar eller festar, som sender kopi av kravet til andre heimelshavarar. Desse får ein frist på 2 veker til å uttale seg. Alternativt kan både festar og heimelshavar underteikne "Krav om sammenslåing". Samanslåing av festerettar kan bare skje dersom festekontraktene for grunnstykka er likelydande og festerettane ligg på samme eigedom.

For samanslåing av eigaseksjonar syner ein til informasjon om seksjonering og reseksjonering.

Matrikkelføring og tinglysning

Er vilkåra for samanslåing til stades, blir dette ført i matrikkelen og melding sendes til tinglysing saman med skjema for krav om samanslåing.

Matrikkelbrev

Når kommunen får tilbakemelding på at samanslåinga er tinglyst, blir det skrive ut matrikkelbrev som sendes rekvirenten(ane).

Pris

Samanslåing av eigedomar er det ikkje gebyr på.

Anna informasjon

Les meir om samanslåing av eigedomar på Kartverkets sine sider.