Barnehagen har plikt til å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Dette følger av Lov om barnehage kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø.


Ta kontakt med barnehagen

Det kan være fleire grunner til at barnet ditt ikkje trivast i barnehagen. Mobbing og plaging kan være ein av desse. Ta kontakt med barnehagen dersom barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen, eller blir mobba i barnehagen.

  • Barnehagen har eit ansvar for å følge med på korleis alle barna har det.
  • Alle tilsette har ein plikt til å gripe inn, dersom eit barn ikkje har det bra.
  • Barnehagen må undersøke, og sette inn tiltak dersom eit barn ikkje har det bra.

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunner ikkje har det bra i barnehagen. Om eit barn i barnehagen opplev å bli mobba eller utestengt frå leiken, må barnehagen følge opp dette. Det plikter barnehagen å gjere.

 

Kva kan du sjå etter

Det er ikkje alltid at barnet fortele om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg er:

  • Viser barnet glede over å være i barnehagen?
  • Verker det som om barnet ditt har vener i barnehagen?
  • Verker det som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er de vaksne i barnehagen oppteken av korlsie barnet ditt har det i barnehagen?

 

Handlingsplan for trivsel i barnehagen og førebygging av uønskt åtferd og mobbing

Handlingsplan for trivsel i barnehage og førebygging av uønskt åtferd og mobbing er en fagplan i kommunens planstrategi. Planen innehelder tiltak og rutinar for oppfølging av barnehagelova kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø. Målgruppe for planen er personalet i barnehage og oppvekstsektoren i Åseral kommune. 

Les den her: link til vår plan