Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er namna til dei store, samanhengande fjellområda som ligg lengst sør i den norske fjellkjeda. Verneområdestyret for SVR har forvaltningsmynde for til saman 17 store og små verneområde i dette fjellområdet. Desse fordeler seg på 7 landskapsvernområde, 2 biotopvernområde og 8 naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019. Dei 17 verneområda har eit samla areal på 3 566 kvadratkilometer, og er med dette det nest største samanhengande verna arealet i landet. Du kan lese meir om dei ulike verneområda på nettsida til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (svr.no).