©Foto: Agder energi

Skjerka

Dette er det største kraftverket i Åseral. Arbeidet på Skjerka starta allereie i 1930. I 1932 var dei fyrste aggregata klare for drift. I 1994 starta bygginga av det nye kraftverket som vart sett i drift 1997. I 2018 vart to nye steinfyllingsdammar ved Skjerkevatn ferdigstilt, dam Heddersvika og dam Skjerkevatn. Desse erstatta fem gamle betongdammar. Dei nye dammane gjorde at vasslinja i det opprinnelege Skjerkevatn blei heva med 23 meter, slik at Skjerkevatn og dåverande Nåvatn no ser ut som eit magasin. Gjennomsnittleg årsproduksjon er i dag 699 GWh. Steinfyllingsdammane er eit flott skue og Agder Energi blei tildela heidersprisen “Damkrona 2018” for utmerket byggeskikk. I tillegg er vegen opp til dammen ei oppleving i seg sjølv. Frå Kyrkjebygda køyrer du sørover FV455. Ta til høgre til Eikerapen og inn på Eikerapsvegen. Følg vegen over brua og vidare til du kjem til eit stort rosa bygg på høgre side.  

H_verstad_22637k

Håverstad

Åserals sørlegaste vasskraftverk. Arbeidet med Håverstad kraftverk starta opp i 1953. Våren 1957 blei det fyrste aggregatet satt i drift. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 282 GWh. Håverstad kraftstasjon ligg om lag 300 meter inne i fjellet på Håverstad. For å kome hit køyrer du eit stykke forbi Kylland og tar til høgre der det er skilta med Håverstad. Køyr over brua og følg vegen om lag 1 km før du svinger til høgre igjen. 

Logna kraftverk2_comp

Logna

Kraftstasjonen er den minste i Mandalsvassdraget. Arbeidet med kraftverket starta i 1958 og i 1961 blei stasjon sett i drift. Logna kraftstasjon har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 105 GWg. For å kome hit køyrer du nord frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Om lag ein kilometer etter Lognavatn, i nord-enden av Svartevatn, følger du fyrste veg til høgre til endes. 

Smeland_kraftverk_comp

Smeland

Smeland kraftverk får vatnet sitt frå Lognavatn. Arbeidet med Smeland kraftverk starta i 1982, og i 1985 blei kraftstasjonen satt i drift. Stasjonen ligg 200 meter inne i fjellet, og styres frå kontrollsentralen på Brokke. I store delar av året kjøres aggregatet i stasjonen berre om dagen. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 119 GWh. Køyr nordover frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Etter knappe 7 kilometer vil du sjå kraftverket på venstre side av vegen. 

kart kraftverk konsesjonskraft

Konsesjonskraft

Det vert skapt store verdiar gjennom regulering av vassdrag og utbyggjing av kraftanlegg. Fordi lokale naturressursar vert nytta, har lokalsamfunnet rett til ein del av desse verdiane. Dette skjer mellom anna gjennom ordninga med konsesjonskraft.

På konsesjonskraft.no finn ein nyttig informasjon om konsesjonskraftordninga, månadsrapportar, årsmeldingar og møtedokument. Kvar kommune har si eiga informasjonsside med info om kommunen og nøkkeltal i konsesjonskraftsamanheng. Her finn du òg eit digitalt kart som syner kraftverk, magasin og vassdrag knytta til kommunane