PPT

PPT er sakkunning i forhold til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning for barn i alderen 0-16 år og vaksne som har rett til spesialundervisning på grunnskulen sitt område (ikkje videregående skule/universitet/høgskule). PPT er også sakkunning i forhold til utsett/framskunna skulestart og behov for alternativ skulekvardag/fritak for opplæringsplikta. PPT skal sørgje for at det blir utarbeidd en sakkunning-vurdering der lova krev det.

Dersom du søker hjelp for videregående opplæring er rette instans OT (VAF).

Våre arbeidsområdar

  • Sakkunnig-vurdering av spesialpedagogiske tiltak for barn i førskulealder

  • Sakkunnig-vurdering for elever i grunnskolen

  • Sakkunnig-vurdering for vaksne med rett til spesialundervisning på grunnskulens område

  • Rettleiing til barnehage/skule i ressursteam

  • Støtte/medhenvisar til andre instansar 

Før ein eventuelt henvisar til PPT må barnehage/skule vurdere om barnet kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet, og det må også ha blitt prøvd ut tiltak i barnehage/skule.
PPT stiller krav til kartlegging frå barnehage/skule før ein eventuell henvisning, jfr. pedagogisk rapport og system for kartlegging. Alle barnehagar/skular skal drøfte eventuell sak med PPT før henvisning. 

Saksgang

1. Føresette (fortrinnsvis i samarbeid med barnehage/skule) sender henvisning til PPT.

2. PPT vurderer etter utgreiing om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage/spesialundervisning i skule.

3. Dersom tilrådning av spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, er det einingsleiar i barnehage eller skule som skal fatte enkeltvedtak.

 

Ver merksam på at PPT ikkje driver utøvende Spesialpedagogisk hjelp/Spesialundervisning. Barnehage/skule har ansvar for den utøvande hjelpa. 

Årsaker for henvisning til PPT

Årsaker for henvisning til PPT kan vere mange og samansette. 

  • Mistanke om forseinka utvikling
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Konsentrasjons- og merksemdsvanskar
  • Atferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonsnedsetting

Krav til skulen og barnehagen

Før en elev eller eit barn vert henvises til PPT må skulen/barnehagen sjølv vurdere om eleven/barnet kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen/barnehagen må også prøve ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven/barnet fortsatt ikkje har tilstrekkelig utbytte av opplæringa skal skolen/barnehagen henvisa til PPT.

Søknadsprosess

  • Ta kontakt med skule/barnehage. Skulen/barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
  • Skulen/barnehagen henviser til PPT (Pedagogisk-psykiatrisk tjeneste). 
  • PPT utarbeidar sakkunnig vurdering av elevens/barnets behov for spesialundervisning og gjev deretter råd om kva slags opplæringstilbod som bør gis.
  • Dersom sakkunning-vurdering konkluderer med at eleven/barnet ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring, skal einingsleiar ved skule/barnehagen fatte vedtak om spesialundervisning.
  • Elev og foreldre skal samtykke før enkeltvedtak om spesialundervisning fattes.

Kven kan henvise?

Føresette, barnehage, skole, helsesjukepleiar, lege, spesialisthelsetjeneste og andre instanser kan henvise til PPT. Er personen under 15 år, så skal det alltid føreligge samtykke frå føresette. En person som er fylt 15 år, kan henvisa seg sjølv – utan samtykke frå føresette.

Klage

Føresette kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen sendast til organet som har handsama vedtaket . Dersom vedtaket oppretthaldast, sendast saken til Fylkesmannen i Agder for endelig handsaming.