Kven fortener Åseral kommune sin kulturpris eller kulturstipend?
Nominasjonar til kulturprisen med grunngjeving kan sendes kulturkonsulenten innan 1. mars (kvart år)

STATUTTAR FOR TILDELING AV KULTURPRIS OG KULTURSTIPEND

  1. Formannskapet disponerer ein årleg sum på kr. 10.000,- til kulturpris og kr 10 000,- til kulturstipend. Både pris og stipend kan delast ut kvart år om det ligg føre eigna kandidatar. Stipendet kan òg delast på fleire om formannskapet ynskjer det.
     
  2. Føremål med kulturprisen er å heidre einskildpersonar eller organisasjonar som har utmerka seg enten med stor innsats i det lokale idretts- og kulturliv, eller som har utmerka seg kvalitetsmessig som utøvar og såleis er ein viktig ambassadør for Åseral kommune.
     
  3. Føremål med kulturstipendet er å medverke til å stimulere kunstnarisk eller sportsleg talentutvikling og aktivitet. Stipendet skal oppmuntre einskildpersonar frå Åseral kommune som har valt å satse innan områda kunst, kultur og idrett, eller som på annan måte representerer eit potensiale for kommunen.
     
  4. Utlysast i Åsdølen og kommunen si heimeside.
     
  5. Nominasjonar til kulturprisen med grunngjeving kan sendes kulturkonsulenten innan 1. mars.
     
  6. Søknadsfrist for kulturstipend vert sett til same dato 1. mars. Søknaden sendast til kulturkonsulenten.
     
  7. Mottakar av både kulturpris og kulturstipend vert avgjort av formannskapet. I utgangspunktet er det ynskjelig å halde offentliggjering og utdeling hemmeleg fram til eit passande overrekking på 17. mai eller eit anna passande arrangement. Uansett arrangement skal ordføraren stå for sjølve utdelinga.
     
  8. Pris og stipend består av gåvesjekk, diplom og blomar og vert henta frå kulturbudsjettet
     
  9. Statuttane for Åseral kommune sin kulturpris og kulturstipend vert gjeldande frå 1. juli 2020.

Vedteke i formannskapet 4. juni 2020 i sak 38/20

Lenke til skjema for nominering

 

Utdelte kulturprisar- og stipend

Kulturpris:

Turid Røynlid 2021
Arna Berg 2020
Annie Tollefsen 2019
Jan Oddvar Lineikro 2018
Tor Åge Eikerapen 2008
Åseral barnekor 2004
Kristine Thorsland 2002
Gudrun Austegard 2000
Bjørg Ljosland 1998
Betsy Folkvord 1991
Klara Austrud 1991
Jens Røynlid 1989
Håkon Thorsland 1987
Nils Ljosdal 1982

 

Kulturstipend:

Trine Eikhom 2020
Eivind Rosseland Stokke 2011
Andrea Thorsland 2010
Eivind Rosseland Stokke 2010
Nils Birger Verdal 2008
Linda Mahala Bartle Mathiassen 2007
Erlend Rosseland Stokke 2006
Mona Flottorp 2001
Mary Ann Åsland 2001
Anne Kate Åsland 2001
Tonje Haugland 1999
Tonje Haugland 1997
Alfred Gammelsæter 1996
Nils Ljosdal 1995
Svanhild Smeland 1995
Tonje Haugland 1995

NB! Frå 2012 vart kulturstipend delt ut gjennom Lindesnesregionen. Ingen kandidater frå Åseral nådde opp.