Generelt

Dersom du og din nabo er einige om å justere grensa, kan denne justerast. Grensejustering er meint å vere eit middel for å kunne rette opp og gjere grensa meir hensiktsmessig. Rekvisisjon (bestilling) av grensejustering sendes kommunen.

Vilkår

- Partane må vere samde om grensejusteringa og ale skrive under på rekvisisjonen.
- Areal kan justerast med inntil 5% av den minste eigedomen sitt areal.
- Det kan maksimalt justerast 500m2.
- Ein eigedom kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstig 20% av eigedomens areal før justeringa (sum av fleire justeringar).
- Verdien på eigedomen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygdas grunnbeløp på 1G.
- Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
- Dersom det er snakk om større areal må det søkas om arealoverføring eller frådeling av eigedom med påfølgande samanslåing.

Kven kan rekvirere (bestille)

- Eigarar (heimelshavarar) av eigedomane som skal grensejusterast.
- Alle involverte eigarar må skrive under på rekvisisjonen.

Korleis rekvirere (bestille)

Følgjande dokument må sendast inn:
- Utfylt skjema (for skjema, trykk (HER)
- Situasjonskart. Teikn inn ny grense.
- Verdianslag for involverte eigedomar.
- Er eigar av eigedomen eit firma, må gyldig formaattest sendast inn saman med rekvisisjonen.

Handsaming

- Rekvisisjonen blir kontrollert og evt feil/manglar blir påpeikt.
- Når rekvisisjonen er komplett sendes varsel om oppmålingsforretning ut til partane, minimum 14 dagar før oppmålingsforretninga skal haldast.
- Ved oppmålingsforretninga blir eksisterande grenser klarlagt og nye grenser merka og målt
- Nye grenser blir ført i matrikkelen
- Det blir til slutt sendt ut matrikkelbrev til involverte partar.