Søknad om vaksenopplæring skuleåret 2020/2021

Søknad om vaksenopplæring skuleåret 2020/2021

Vaksenopplæringa i Åseral kommune tilbyr/samarbeider med andre kommunar om norskopplæring og opplæring i grunnskulefag.

 

1. Opplæring i grunnskulefag

Etter opplæringslovens § 4A-1 kan vaksne ha rett til gratis opplæring som fører fram til grunnskuleeksamen.
Grunnskuleopplæring vil bli gitt i ein annan kommune.

 

2.Søknad om vaksenopplæring etter § 4A-2.
Spesialundervisning på grunnskulens område.

Opplæringslova § 4A-2:
«Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.»

 

3.Søknad om vaksenopplæring etter § 4A-2 pkt. 2. 
Spesialundervisning på grunnskulens område – grunnleggjande dugleik.

Opplæringslova § 4A-2:
«Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.»

Grunnleggjande dugleik er evna til å meistre:
- Grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
- Grunnleggjande lese-, skrive- og reknedugleik

 

4. Norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

Det er norskopplæring for arbeidsinnvandrarar hausten 2020. Opplæringa kostar kr 578,- pr. mnd + materiell. Undervisninga vil vere to kveldar i veka, med 2 undervisningstimar a`45 min. Blir starta opp dersom det er nok søkarar.

 

Søknadsfristar og skjema:
Søknadar til hovudopptak for neste skuleår må vere kommunen i hende seinast 1. juni. Opptak kan og gjerast på andre tidspunkt gjennom året.

Ta eventuelt kontakt med skulen på e-post.

E-post: skule@aseral.kommune.no

 

Søknadsfrist 01.06.20.
Søknad skal sendast til Åseral servicekontor, Gardsvegen 68, 4540 Åseral