Er dette noko for deg?  Eller kanskje du kjenner personar som du meiner er eiga til verva?

Meld di interesse skriftleg til: 
Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL, evt. post@aseral.kommune.no innan 01.05.2020.
Kommunestyret skal foreta vala innan 01.07.2020.

Meddommar i tingretten
Frå Åseral skal det veljast 2 kvinner og 2 menn.
Tingretten er fyrste ordinære domstol. Her vert handsama både sivile saker og straffesaker.
Det er vanligvis en hovuddommar (fagperson) og to meddommarar (lekdommarar).

Meddommar i lagmannsretten
Frå Åseral skal det veljast 1 kvinne og 1 mann.
Lagmannsretten er ankeinstans i vanlege sivile saker, jordskiftesaker og straffesaker.
I lagmannsretten vert ei sivil sak i hovudsak handsama av tri fagdommarar. I enkelte sakstyper skal det alltid vere meddommarar. I tillegg kan partane uansett krevje at det vert kalla inn to meddommarar. Når det kreves særleg kunnskap om eit saksområde, kan retten oppnevne fagkyndige meddommarar. Meddommarar dømmer på lik line med juridiske dommarar.
Straffesaker vert handsama av to fagdommarar og fem meddommarar som avgjer spursmål om skuld og straff. Fagdommarar og meddommarar er saman om alle avgjerdsler og alle røyster tel likt.

Meddommar i jordskifteretten
Frå Åseral skal det veljast 6 kvinner og 6 menn.
En jordskiftesak vert handsama av ein jordskiftedommar og to jordskiftemeddommarar.
Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskiftelova. Mellom anna endring av eigedommar og fastlegging av eigedomsgrenser.
Oppnemnde meddommarar skal vere kyndige i saker som jordskifteretten vanligvis handsamar i kommunen. Ettersom sakene ofte har trong for synfaring, bør dei som vert valgt kunne ferdast i terrenget. 

Skjønnsmedlem
Frå Åseral skal det veljast 1 kandiat.
Skjønnsmedlemmer deltek både i jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten i rettslege skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Skjønn brukes mest i samband med ekspropriasjon og når område blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjønn kan og brukast i samband med erstatning etter naturskade. Skjønnsmedlem skal alltid utgjere fleirtal målt mot antal fagdommarar. Kompetanse innan jordbruk og skogbruk, eigedom, takst, IT, EL eller regnskap vert vektlagt. Det er ingen øvre aldersgrense.
Kommunestyret fremjar forslag om kandidat, det er fylkestinget som oppnemner.