Ljosland fjellhage

Ljosland Fjellhage

Ljosland Fjellhage er ein publikumshage for alle fjellplantene i Noreg. Fjellhagen ligg i ein halvsirkel mellom fjellstova og elva. Gjennom heile området går ein fint opparbeida veg der dei økologiske plantesamlingane er plassert. Plantene i Ljosland Fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet i Agder, men og andre norske fjellplantane som ikkje veks i Agder er med, inkludert nokre planter frå Svalbard. Fjellhagen er alltid open, det er greitt tilgjengeleg for rullestolbrukarar og gratis, velkomen! Som namnet tilseier ligg fjellhagen på Ljosland, 22 km frå Kyrkjebygd. 

Sosteli 333_comp

Sosteli

Øydegarden Sosteli er ein av dei best bevarte gardane i Europa frå førhistorisk tid. Sosteli var i drift nesten samanhengande frå om lag Kr.f til 1000 e.Kr. Oppe under fjellet kan ein framleis sjå tydelege spor etter gamle hustufter, åkrar og steingjerde som er vel to tusen år gamle. Arkeologiske funn syner at gardsfolket dreiv med jarnvinne og fangst i tillegg til vanleg gardsdrift med åkerbruk og husdyrhald. For å kome seg til Sosteli frå Kyrkjebygd køyrer ein mot rådhuset, over brua og inn til høgre på Sostelivegen. Herfra er det skilta til Sosteli. Det er om lag 2 km frå Kyrkjebygd til Sosteli. Sjekk www.laguide.no/sosteli for videoguide!

espelidburet

Espelid

Her finn du Espelidburet, eit stabbur frå 1600-talet. Garden tilhøyrer i dag etterkomarar etter Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Du kjem til Espelid via Lognavatn. På Lognavatn tek du til høgre over brua og køyrer forbi Åknes og over ei ny bru. Etter brua køyrer ein opp til enden av vegen, du er då i tunet i Espelid.

Lordehytta 2019 foto AK

Lordehytta

Langt inn i fjellheimen ligg Lordehytta, reist av Lord Salvesen på byrjinga av 1900 talet. Hytta har blitt eit ynda turistmål. Mange tek den lange vegen inn til Vivatn for å sjå på hytta som ruvar storslått og nærast magisk i det vidstrakte heietrerrenget. Det er ein flott dagstur å gå til Lordehytta ved Vivatn. Det er mogleg å gå fleire ruter. Kart og kompass er anbefalt, og brosjyren med oppmerka rute kan vere nyttig å ha med (spør etter den i resepsjonen på Minne)

Skraddarburet

Skraddarburet

Buret til den sagnomsuste skraddaren. Skraddarburet vert rekna som det eldste middelalderbygget i Vest-Agder. Det står på  den nedste garden «Der Nede» i Austegard. For å kome dit, må du frå Kyrkjebygd køyre mot Bortelid og så ta til høgre over brua på Lognavatn. Deretter køyrer ein forbi Åknes og vidare over nok ei bru. Etter brua tek ein til høgre og køyrer til vegens ende - då står du utanfor Skraddarburet.

Pytten1 F Tone Astrid Flodquist_

Pytten

Heiegarden Pytten husa fleire generasjonar av Pyttenslekta heilt fram til 1949. Garden ligg langt inne på heia og høyrer til Bygland kommune. Det er enklast å kome seg til Pyttengarden frå Ljosland og Langevatn. Parkering er mogeleg i Gloppedalen. Her er det fin turveg frå Øvregardsbrua på Ljosland og vidare langsetter heile Langevatn. Ved Fosstjønn går denne over i tydelig tursti inn til garden. Ein kan som eit alternativ ta båt over Langevatn frå dammen i sørenden av vatnet. Det er også mogleg å gå frå Bortelid. Dette er ein fin dagstur.

Juvassdammen1_comp

Juvassdammen

NB! Juvassdammen vil ikkje vere tilgjengeleg frå mai 2024 til ut 2025 då denne skal utbetrast!

Juvassdammen var i si tid den høgaste i Nord-Europa. Magasinet til dammen kan ta heile 142 millionar kubikkmeter vatn. Demninga blei bygd i 1958 og er 46 meter høg. Frå demninga har du ein fantastisk utsikt. Går du over demninga, er det ein flott tur å gå inn til Juvassstøl. Stien går langs vatnet. Den er ikkje merka, men er lett å følgje. Følg FV455 frå Kyrkjebygd nordover mot Bortelid. Ved Lognavatn tek du av til høgre og inn på Austegardsvegen. Etter brua tek du av til venstre og inn på Juvassvegen. Følgje denne til du er ved dammen. Frå Lognavatn er det om lag 8 km opp til dammen. Køyreturen opp byr på mange flotte naturopp-levingar og det er framkomeleg mesteparten av året. Vintersti kan det vera utfordrande på grunn av snø og glatte vegar.

Ljosland kapell

Ljosland kapell

Ljosland kapell vart vigsla 21. juni 1959 av biskop Kaare Støylen. Arkitekt Alf Erikstad teikna kapellet. Eit nedlagt skulehus ved Lognavatn vart brukt til byggmateriale saman med nytt. Dei som bygde kapellet var Trygve Roland og Tore Tveitstøl. Kapellet ligg høgt og fritt midt i Ljoslandsgarden, med fin utsikt over Ljoslandsvatnet og omkransa av mektige fjell. Ljosland kapell ligg på Ljosland. Rett før ein kjem til Fjellstova er det skilta veg inn til venstre. 

Åknes kapell2_comp

Åknes kapell

Åknes kapell er ei langkyrkje frå 1873. Den har 150 sitjeplassar og eitt galleri. Kapellet vart bygd av Tobias Flottorp og Gard Ekså, sistnemnte laga også døypefonten. Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn. Derifrå vart den boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Kapellet blei bygd på i 1968. Altertavla er akantusranker i treskurd av Lars Svensson Juvasstøl, og orgelet er bygd av Gebrüder Reil i 1988. Åknes ligg på veg mot Bortelid frå Kyrkjebygd. På Lognavatn tek ein til høgre over brua, og køyrer 250 meter før ein igjen tek til høgre ned til Åknes kapell. Fin sandstrand like ved.

åseral kyrkje_comp

Åseral kyrkje

Åseral kyrkje blei bygd i 1822 og er ei korskyrkje med 270 sitjeplassar. På denne plassen har det stått kyrkje i lang tid tilbake. Den vart for fyrste gong nemnd i Pavelige Nuntiers regnskaps- og Dagbøker frå åra 1282-1334. Kyrkjespiret, det same som er på kyrkja i dag vart smia i 1705 av Knut Gunnulvson Mørk, og har bokstavane K.G.S.M. 1705. Kyrkjeklokka frå 1872 er levert av Porsgrund Mek. Verkstad. Den gamle klokka frå 1763 sprakk ein gong dei ringa for hardt men henne. Åseral kyrkje ligg midt i kyrkjebygda, rett nedanfor Minne kultursenter. 

minne_comp

Minne kultursenter

Åseral kommune har ei rik kulturhistorie. På Minne kultursenter kan du lære meir om Åseral. Kultursenteret ligg i eit vakkert bygg like ved kyrkja i Kyrkjebygda. Her finn du turistinformasjon, lokalhistorie i form av utstillingar med tilhøyrande dokumentar-filmar, folkebibliotek og ein liten kafé. Du kan slappe av i eplehagen, det flotte uteområdet rundt kultursenteret. I løpet av juli månad er det ulike arrangement på Minne – sjå Facebook eller kommunen si heimeside dersom du ønsker meir info om dette.