Senteret synar Åserals kulturarv og kulturliv, med bygdemuseum, turistinformasjon, filmsal med lokalhistoriske dokumentarar, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein mellom anna kan nyte utekonsertar. Gjennom året arrangerast det faste og skiftande utstillingar og arrangement. Minne er ein møteplass kor folk treffast fast kvar veke, Åseral husflidslag har faste aktivitetar for born og vaksne, kulturskulen si kunstgruppe held til her og lokale lag og foreiningar lånar lokale.

Ønskjer du ei omvisning i utstillinga med ein tilsett, så er det mogelegheit for å tinge dette.

Du kan leige møterom på Minne kultursenter.