Snøskuterløyve

Kommunestyret vedtok hausten 2019 retningslinjer som er gjeldande for tildeling av snøskuterløyve innan valperioden fram til 2023. Desse gjev søkar ei betre avklaring og er til god hjelp ved søknad. Utgandspunktet i lova er at det er forbode med motorferdsel i utmark, men så finnast det nokre unntak for dette. Nokon er heimla direkte i lov og føresegn, medan andre kan det søkast dispensasjon for.

Under finn dykk nyttige lenker som kan nyttast. Ein vil samstundes gjere merksam på at dersom det er tale om motorferdsel i verneområdet så må må dette søkast på eige skjema som vert lagt med søknad til kommunen. Søknaden vert så handsama av vernestyret før kommunen handsamer den. Ein søknad i verneområdet vil difor ta mykje lengre tid å få svar på enn ein søknad utanfor verneområdet.

Hugs at ALLE søknader skal innehalde eit detaljert kart med innteikna køyretrase. Du finn kart i lenke under der du enkelt kan teikne inn trase/avmerkingar med verktøy i venstre marg. Hugs å gjere kartet samt eventuell søknad SVR ferdig før du byrjar på søknaden slik at du kan laste denne opp.

 

Retningsliner for tildeling av snøskuterløyve for perioden 2023-2027

LOV - lovdata

FØRESEGN

NATURMANGFALDSLOVA

SØKARGUIDE SVR (verneområdet)

SØKNADSSKJEMA KOMMUNEN

Søknadsskjema SVR (verneområdet)

Her kan du teikne inn på kart