Påkøyrsel av vilt

Det er di plikt å melda frå om påkøyrt dyr, og varslingsplikta gjeld anten du er med eller utan skuld i trafikkuhellet. 

Du skal straks stansa og hjelpa personar (ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig) og dyr som har komme til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til, jf. §12 i Vegtrafikkloven

 

Sjekkliste ved påkøyrsel av vilt:

  1. Sikre skadestaden! Plasser bilen slik at han er godt synleg og skjermar skadestad. Set på nødblink og parkeringslys (nærlys kan blenda møtande). Ta på refleksvest og set ut varseltrekant.
  2. Ring politiet på 02800 (eventuelt 112). Politiet varslar dei lokale viltansvarlege.
  3. Bruk merkeband (kan fåast i servicetorget på rådhuset) eller noko anna godt synleg (til dømes ein refleksvest) til å markera påkøyrselsstaden tydeleg - eller der dyret forlét vegen. Dette for å kunna spora skadde dyr.
  4. Diriger trafikken om nødvendig.

Følg aldri etter skada vilt! Viltet kan angripa, og dine spor kan øydeleggja for ettersøkshunden. Det er svært viktig at påkøyrselsstaden er nøyaktig merka slik at ettersøkhunden kan setjast direkte på sporet av det påkøyrde dyret. Viss det påkøyrde dyret er i live og ikkje klarer å forlata påkøyringsstaden skal dette få fred og du skal ikkje nærma deg dyret.

 

Freda dyr som ulv, gaupe osv. er ikkje noko kommunen har ansvaret for. Det same gjeld husdyr.

Lovverk om pliktene til bilføraren ved viltpåkøyrslar

Vegtrafikkloven §12 - Plikter ved trafikkuhell

«Enhver som med eller uten skyld er innblandet i trafikkuhell, skal straks stanse og hjelpe personer og dyr som er kommet til skade, og for øvrig delta i de tiltak som uhellet gir grunn til. Denne plikt har, om det er nødvendig, også andre som er i nærheten eller som kommer til stede. […]»

Dyrevelferdsloven §4 – Hjelpeplikt 

 «Enhver som påtreffer et dyr som åpenbart er sykt, skadet eller hjelpeløst, skal så langt mulig hjelpe dyret. Dersom dyret er et dyr fra dyrehold eller storvilt, og det ikke er mulig å yte god nok hjelp, skal eieren eller politiet varsles umiddelbart.

Dersom det er åpenbart at dyret ikke kan leve eller bli friskt, kan den som påtreffer dyret avlive dette med det samme. Dyr fra dyrehold og storvilt skal ikke avlives i henhold til denne bestemmelsen dersom det lar seg gjøre å få tak i eieren, veterinær eller politiet innen rimelig tid. […]»

Skada vilt

Du melder frå om skada småvilt eller dødt småvilt til Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.

Store rovdyr og kongeørn som er skada, må bli meldt til Statsforvaltaren i Agder eller politiet.

 

Her kan du lesa meir om kva du kan gjera om du har funne eit skadd eller sjukt dyr: Jeg har funnet et skadet eller sykt dyr - hva gjør jeg? - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

 

Merk: Når det gjeld sjukt eller skadd småvilt (til dømes fugl, gnagarar o.l. , men ikkje rev og grevling), kan avliving gjerast av kven som helst føresett at det kan gjerast på ein human måte. Det er inga plikt til å melda slik avliving til kommunen, men dyret skal avlivast med det same av den som finn det. Viss ein ikkje ønskjer å gjera avlivinga sjølv, kan ein kontakta veterinær, viltnemda eller ein lokal jeger. 

Viss det skadde dyret er ein bjørn, ulv, gaupe, jerv, hjortevilt (elg, hjort eller rådyr), rev eller grevling, skal du varsla politiet (tlf: 02800) som igjen varslar kommunen eller statsforvaltaren som er ansvarlege for avlivinga.

Nokre råd for å unngå påkøyrsel av vilt

Grupper av dyr 

Hjortevilt held ofte saman i små flokkar. Ser du eit dyr kryssa vegen, er det derfor sannsynleg at det kjem fleire. Senk farten og sjå om det kjem fleire dyr. Det er viktig at du ikkje blir så fokusert på det eine dyret du har unngått, at du i staden treffer det neste dyret som kryssar vegen.

 

Høg fart gir fleire ulykker

Høg fart på vegane er ei medverkande årsak til talet på viltpåkøyrslar. Køyrar du i 70 kilometer i timen i staden for 80, minskar risikoen for ulykker med 50 prosent, viser tal frå Transportøkonomisk institutt.

 

Ver merksam ved grålysning og solnedgang

Dei fleste ulykkene skjer frå kl. 06-10 på morgonen og frå kl. 18-01 på kvelden. Ver derfor spesielt merksam og senk gjerne farten litt i desse periodane.