Jordmortenesta er rettet mot

  • Du som venter barn
  • Barselkvinner og spedbarn
  • Du som planlegg graviditet
  • Du som ynskjer prevensjonsveiledning

Jordmortenesta kan tilby

  • Oppfølging i svangerskapet
  • Informasjon om samspel og foreldrerolla
  • Svangerskapskurs i samarbeid  med fødeavdelinga
  • Ammeundervisning
  • Prevensjonsveiledning
  • Heimebesøk etter fødselen
  • Barseltreff og mødregruppe

Kontakt

Vi oppmodar deg til å kontakte lege ved stadfesta graviditet. Når du er gravid må du ta fleire obligatoriske (og eventuelt anbefalte) blodprøver etter veke 12. Første kontroll hjå jordmor er anbefalt mellom svangerskapsveke  8-12. Partneren din eller ein annan ledsagar må gjerne bli med på kontrollane dersom de ynskjer det.

Jordmødrene har eit godt samarbeid med fastlegane, privatpraktiserende gynekologar og fødeavdelinga ved sjukehuset. Vi samarbeider og med helsesøster som skal følge opp barnet ditt etter fødselen.

Du kan når som helst ta kontakt med jordmor på helsestasjonen. Hugs å ta med helsekort for gravide og morgonurin kvar gong du kjem til jordmor. Vi ynskjer velkomen til eit trygt og hyggeleg samarbeid!