FORSKRIFT OM GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Vedteke i kommunestyret, sak 8/21 11.02.2021

(Møtegodtgjersle kr 958,- (1 promille av ordførar si godtgjersle som pr 1.5.22 er 957 900), Møtegodtgjersle leiar hovudutval kr 1437,- (1,5 promille), Leiar av andre utval kr 1102,- (1,15 promille). Ungdomsråd mottek halvparten av repr.kommunestyret slik: Medlem kr 479,- og Leiar kr 718,50).

Heimel

Fastsett av Åseral kommunestyre, sak 8/21, 11.02.2021 med heimel i lov av 22. juni 2018 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) kapittel 8, Rettigheter og plikter for folkevalgte.

§ 1 Virkeområde

Reglementet regulerer godtgjersle og utgiftsdekning i samband med dei folkevalde sine kommunale tillitsverv i Åseral kommune.

Forskrifta skal sikre at politisk valde skal ha tid og høve til å førebu seg til møte, setja seg inn i kommunale oppgåver, og vera til stades på møte utan at dette skal gå ut over tilhøvet til arbeidsgjevar og sjølvstendig næringsverksemd.

Føresegnene i kommunelova og andre lover gjeld også for verksemda i folkevalde organ.

Ved eventuell motstrid mellom desse forskriftene og aktuelle lover, gjeld lova framføre forskriften.

§ 2 Kommunale møter

Kommunestyre og utvala har ein fast møtedag.

Det skal utarbeidast møteplan for kvart år innan årsskiftet.

Fylgjande råd og utval skal vera med i planen:
Kommunestyre
Formannskap
Administrasjonsutval
Hovudutval for drift og utvikling
Hovudutval for oppvekst og levekår
Ungdomsråd
Kontrollutval

§ 3 Opplæring av folkevalde

I byrjinga av kvar valperiode blir det arrangert folkevaldopplæring. Opplæringa skal m.a. omhandla rolla som folkevald og rammer for politisk arbeid.

Opplæringa er obligatorisk og deltakarane får refusjon for tapt arbeidsforteneste etter gjeldande reglar.

§ 4 Ansvar og mynde

Medlem av eit kommunalt utval pliktar å delta i utvalet sine møter, dersom ein ikkje har lovleg forfall, jf. kommunelova § 8-1.

Forfall skal meldast til politisk sekretariat omgåande. Sekretariatet kallar inn vararepresentant.

Må nokon på grunn av lovleg forfall forlate møtet under møte, melder han/ho straks frå til møteleiar.

§ 5 Dekning av utgifter og økonomiske tap

Dekning av tapt arbeidsforteneste/omsorgsvikar jf. Kommunelova § 8-3

Folkevalde som får tap i arbeidsinntekt på grunn av kommunale verv, får dekka dette tapet på grunnlag av dokumentasjon frå arbeidsgjevar.

Dette gjeld tap i arbeidsinntekt som kjem i tillegg til ev. frikjøpsordning, og/eller reelt tap når frikjøpsordninga ikkje vert eller kan nyttast.

Tapt arbeidsforteneste skal dokumenterast av arbeidsgjevar. (Dette omfattar feriepengegrunnlag og eventuell forventa inntekt, turnustillegg, overtid og liknande).

I utgangspunktet skal refusjon med arbeidsgjevar gjerast opp direkte med Åseral kommune.

Folkevalde som får trekk i løn frå arbeidsgjevar for å ivareta kommunale verv, får utbetalt dokumentert tapt arbeidsforteneste frå Åseral kommune.

Fell møtet på ein fridag ligg det ikkje føre tapt arbeidsforteneste.

Tapt arbeidsforteneste hjå sjølvstendig næringsdrivande vert dokumentert av deira rekneskapsførar. Om dette ikkje let seg gjera vert ulegitimert sats utbetalt.

Skyss- og kostgodtgjersle, kommunelova § 8-3
Statens reiseregulativ gjeld for folkevalde på lik line med tilsette i Åseral kommune.
Reisene må vera best mogleg samordna.
Bustad vert rekna som utgangspunkt for reisa.

Telefongodtgjersle
Ordførar får dekka utgifter til mobiltelefon.

§ 6 Arbeidsgodtgjersle, kommunelova § 8-4

Ordførar
Ordføraren, tilsett i 100% stilling, si godtgjersle skal følgja 90% av godtgjersla til stortingsrepresentantane.
Ordførar si godtgjersla skal justerast pr. 1. mai årleg.
Ordførar får ikkje møtegodtgjersle eller tapt arbeidsforteneste.

Varaordførar
Varaordføraren si godtgjersle vert sett til 7 % av godtgjersla til ordføraren. Varaordføraren si godtgjersle
skal dekke vanlege varaordføraroppdrag og kortare vikaroppdrag for ordføraren. Om varaordføraren
fungerer som ordførar over eit lengre tidsrom, skal godtgjersla vurderast av formannskapet.
Formannskapet sine medlemmar for øvrig
Formannskapet sine medlemmar for øvrig si godtgjersle vert sett til 4 % av godtgjersla til ordføraren.

Leiar for hovudutval
Leiar for hovudutval si godtgjersle vert sett til 2,5% av ordføraren si godtgjersle.

Ved langvarig fråver, ein månad eller meir, vert medlemmet trekt forholdsvis i gjodtgjersla. Respektive
vararepresentant vil for same tida få godtgjersle som ordinært medlem av formannskapet eller hovudutvalet.
Det må søkjast fritak frå langvarig fråver, jamfør kommunelovens § 7-9.

Møtegodtgjersle
Godtgjersla dekker førebuing og møte i utvalet.
Godtgjersla vert utbetalt etter oppmøte.
Møtegodtgjersla vert ikkje utbetalt ved deltaking på kurs, informasjonsmøter, synfaring og oppmøte på andre politiske plikter/møter som ikkje krev førebuing.

Kommunestyret
Representantar i kommunestyret får ei godtgjersle på 1 promille av ordførar si godtgjersle, pr. møte.
Møtande varamedlemmar får same godtgjersle.

Hovudutvala
Medlemmar og møtande varamedlemmar i utvala får møtegodtgjersle tilsvarande representantane i kommunestyret.
Leiar av hovudutvala får ei godtgjersle på 1,5 promille av ordførar si godtgjersle pr. møte.

Ungdomsrådet
Medlemmar og møtande varamedlemmar i utvalet får møtegodtgjersle tilsvarande halvparten av
representantane i kommunestyret.
Leiar av Ungdomsrådet får møtegodtgjersle tilsvarande halvparten av hovudutvalsleiar.

Andre utval
Medlemmar og møtande varamedlemmar i utvala får møtegodtgjersle tilsvarande representantane i kommunestyret.
Leiar av andre utval enn hovudutvala får ei godtgjersle på 1,15 promille av ordførar si godtgjersle pr. møte.

Ein person som i sin funksjon som kommunalt tilsett, er vald/oppnemnd til medlem av kommunalt politisk organ har rett til same godtgjersle som andre medlemmer av utvalet.

Generelt vert det ikkje utbetalt meir enn ei møtegodtgjersle pr. dag.

Møter i politiske organ vert godtgjort som eit møte, sjølv om møtet går over fleire dagar.

Ad-hocutval som eit politisk organ har oppretta, vert godtgjort etter reglane i denne paragrafen om ikkje ordføraren bestemmer noko anna.

Frist for innsending av rekning
Rekning skal førast på fastsatt elektronisk skjema og sendast til ase.politikk@aseral.kommune.no snarast, men seinast innan 1 – ein – månad etter møtedato dersom ikkje anna er avtalt.
Ansvar for attestering og tilvising av godtgjersle og utgiftsdekning i høve denne forskrifta vert lagt til rådmannen, eller den rådmannen delegerer dette til.

§ 7 Anna godtgjersle

Godtgjersle valmedarbeider/røystestyre
Løn som fagarbeidar med full ansiennitet. Kveldstillegg etter klokka 17:00. Ytelsen gjev ikkje rett til pensjon.
Kommunalt tilsette får ordinær løn i staden for godtgjersle.

§ 8 Rett til sjukepengar, yrkesskade og permisjon

Folkevalde som har vervet som si hovudstilling har same rettar til sjukepengar som tilsette i kommunen, ytingar i samband med yrkesskade og permisjon, jf. kommunelova § 8-8, § 8-9 og § 8-10.

Sjukepengar vert ikkje utbetalt utover den perioden ordførar mottek godtgjersle for.

Sjukefråvær utover 8 dagar skal legitimerast med sjukmelding. Fråvær inntil 8 dagar kan dokumenterast med eigenmelding. Eigenmelding kan nyttast i 24 kalenderdagar i løpet av 12 månader.

Ordførar er meldt inn i Åseral kommune si pensjonsordning jf. Kommunelova § 8-7.

§ 9 Ettergodtgjersle jf. kommunelova § 8-6

Folkevalde som har vervet som folkevald som si hovudstilling, kan søkje om ettergodtgjersle når dei fråtrer vervet.

Lengda på ettergodtgjersle vert vurdert ut i frå søknad.

Det vert ikkje gitt ettergodtgjersle utover 3 månadar. Søknad om ettergodtgjersle vert handsama av kommunestyret.

Retten til ettergodtgjersle skal avkortast krone for krone mot anna inntekt. Det same gjeld for ordinær inntekt som den folkevalde friviljug avstår frå.

Folkevalde vil ikkje motta andre ytingar (t.d. møtegodtgjersle) i perioden han/ho får ettergodtgjersle.

§ 10 Tolkning og endring av reglementet

Bare kommunestyret sjølv kan vedtaka realitetsendring av dette reglementet.

Ordførar får fullmakt til å tolka dette reglementet. Dersom det oppstår tvist, vil desse bli avgjort av formannskapet med endeleg verknad.