Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Offentleg støtte

Straumstøtte til private næringsverksemder i Åseral

Kommunestyret vedtok i møte den 18. oktober å løyve straumstøtte til private verksemder (sak nr. 41/22)

Tidsrommet det kan søkast støtte for er delt i to periodar: 01.04.22 – 30.09.22 og 01.10.22 – 31.12.22

Det vart i same møte vedteke straumstøtte til hushaldningar. Søknadskjema og føresetnader for dette vil kome innan kort tid.

Fristen for å søkja om støtte for perioden 1. april  - 30. september er allereie 15. november.

Sikringsskap (illustrasjonsfoto)

Straumstøtte til verksemder i Åseral

Kommunestyret i Åseral har vedteke å løyve private verksemder i Åseral økonomisk støtte som følgje av den høge prisen på elektrisk kraft (17.3.2022, sak nr. 8-2022)

Vedtaket lyder slik:
Åseral kommune gir straumstøtte til private verksemder på grunn av den sterke prisauken på straum.

Den lokale støtteordninga følgjer den statlege støtteordninga for landbruket. Den går i hovudtrekk ut på at ein dekker 55 prosent av straumutgiftene over 70 øre/kWt for desember 2021, og 80 prosent for januar til og med mars 2022.

Støtteordninga blir finansiert med midlar frå kraftfondet innafor ei ramme på kr l 200 000.

Dersom staten innfører ei nasjonal støtteordning for tilsvarande periode fell den kommunale støtteordninga bort.

Hovudutvalet for drift og utvikling gis fullmakt til å avgjera naudsynte retningsliner.

Sikringsskap

Offentleg støtte

Kommunen ønskjer å stimulera privat næringsverksemd. Det kan gis kommunal støtte til både investeringar og kompetanseheving. Kommunestyret har vedteke regelverk for denne støtta. Hovudutval for drift og utvikling tildeler støtte etter søknad.  I tillegg finnes det ei rad andre offentlige støtteordningar. Vi hjelper deg å finna fram til desse.