Skal du bygge privat avløpsanlegg?

Ved å installere moderne avløpsreinseanlegg vil du gjere ein stor innsats for å betre vasskvaltiten i lokale bekkar, elvar og tjørner.

Avløpsvatn er det vatnet som er brukt inne i huset til toalett, bad, vaskerom eller kjøkken. Dette vatnet inneheld fosfor, nitrogen, organisk materiale og sjukdomsframkallande bakteriar.

For å bygge eit privat avløpsreinseanlegg må du søke om utsleppsløyve. Dette kan du som privat person ikkje gjere sjølv. Ein ansvarleg søkjar skal ha vere bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkjar skal vere eit føretak som fyllar krava i plan- og bygningslova.

Gjer deg kjent med Åseral kommune sine retningsliner for private avløpsanlegg.

Retningslinjer utslipp spredt bebyggelse.pdf

Slam

Det er Hægebostad og Åseral renovasjon (HÅR) som hentar slam frå private og kommunale anlegg i kommunen.

www.har-renovasjon.no

Abonnent av kommunalt avløp

Åseral kommune skal lede bort og reinse avløpsvatn slik at det ikkje skapar lukt eller hygieniske problem på din eigedom.