Ved normal drift skal vasstrykket ved tilkoplingspunktet til kommunal leidning vere mellom 2,0 og 8,5 bar. Dersom trykket er større enn 6 bar må du som abonnent sikre dine installasjonar ved bruk av reduksjonsventil. 

Vi forsyner deg med tilstrekkeleg mengde drikkevatn til eige forbruk. Det kan likevel oppstå situasjoner med korte brot på vassforsyninga. Då gjeld følgjande: 

  • Ingen planlagde stans i vassforsyninga skal vare i meir enn 8 timar.
  • Dersom brot i vassforsyninga varer lenger enn 8 timar vil du få tilkøyrt vatn til hushaldningsbruk. 
  • Ved leidningsbrot eller storbrann kan kommunen stenge vasstilføringa utan varsel. 

 

Forskrift om vannforsyning og drikkevann

FØRESEGNER FOR BRUK AV VASSMÅLARAR rev 3.0.pdf

 

Vassmålar

Alle bygningar som skal knytast til kommunen sitt leidningsnett må installere vassmålar. Abonnentane betaler abonnementsgebyr samt forbruksgebyr etter målt vassforbruk og pris pr. m³. 

Slik les du av vassmålaren:

  • Hovudavlesninga skjer ein gong i året (ved nyttår).
  • Du får ein SMS per vassmålar.
  • Les av vassmålarstanden og svar på SMS eller på nett. Ta berre med sorte tal. Dei raude skal ikkje rapporterast.
  • Om vi ikkje mottek avlesning vert vassforbruket stipulert. 
  • Abonnenten har ansvar for rett avlesning.

Føresegner for bruk av vassmålarar

Skjema for montering av vassmålar

 

vassmålar illustrasjonsbilete

Drikkevatnskvalitet

Drikkevatnet i kommunen har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna.

Vatnet kan endre farge, lukt eller smak i perioder. Dette er som regel ikkje farleg, men vi tilrår likevel å la vatnet renne i krana til vatnet er klart att. 

 
Koking av vatn
Dersom vi sender ut ein tilråing om koking av drikkevatnet bør du følgje Folkehelseinstituttets råd.  

Stengt vatn

Brunt vatn

  • Vatnet kan bli brunt i samband med reparasjon av vasslekkasjar eller andre hendingar.
  • Om vatnet har vore stengt kan området som var rørt oppleve brunt vatn når det vert opna att. La vatnet renne ei stund for å reinse røyra. 
  • Om vatnet er brunt utan kjend årsak, meld frå!

Når vatnet skal stengast

  • Du får ein SMS eller talemelding frå oss før vi stenger vatnet.
  • I meldinga får du informasjon om når og kor vatnet vert stengt.
  • Det er lurt å fylle opp vatn til forbruk i drikkeflasker og bøtter på førehand. 
  • Du må halde alle vasskraner stengt mens arbeidet pågår.

Når vannet er tilbake

  • Vatnet kan vere meir eller mindre brunt til og med neste dag etter at det har vore stengt. 
  • Opne kaldtvasskranen og la vatnet renne nokre minutt for å sleppe ut luft og spyle ut brunt vatn og partiklar.
  • Det er ikkje farleg å drikke vatnet eller bruke det i matlaging.
  • Du bør ikkje vaske lyse klær før vatnet er klart att.
  • Om du er uheldig og får brunfarge på klesvasken, tilrår vi at du held klæra våte til du får vaska dei i rent og klart vatn. Tørker klærne, kan dei misfarges.

Retningsliner for innmåling av vatn og avløp anlegg

Desse retningslinene gjeld alle anlegg der kommunen skal ta imot innmålingsdata, og private stikkleidningar. Retningslinene må oppfyllast før leidningsanlegget vert overteke.

Retningsliner for innmåling VA

Private brønnar

Flourinnhald i vatnet
Åseral kommune tilrår alle som får drikkevatn frå ein privat borebrønn å måle flourinnhaldet i vatnet. Mengda fluor i vatnet varierar frå område til område. I fleire område i Åseral er flourverdia over det som er anbefalt.

Fluorinnhald

 

Drikkevasskjelder i Åseral

Storevatn (Eikerapen)

Kvitevatn (Bortelid)

Farevatn (Ljosland)