NAV Midt-Agder

Åseral er ein del av NAV Midt-Agder, med Vennesla som vertskommune. 
NAV har kontor i rådhusbygget i Åseral. 

Opningstider for NAV kontoret i Åseral frå 1. oktober 2023:
Tysdager frå 12:00 - 14:00

På lenken under finn du til ein kvar tid oppdatert informasjon frå NAV Midt-Agder 

NAV Midt-Agder

Kva er NAV?

NAV forvaltar ein tredel av statsbudsjettet gjennom ordningar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte.

NAV blei etablert 1. juli 2006. Kommunane og staten samarbeider om å finne gode løysingar for brukarane gjennom 456 NAV-kontor, i kommunar og bydelar. Kommunen og NAV har avtalt kva kommunale tenester kontoret skal tilby. Tenesteinnhaldet i eit NAV-kontor vil difor variere frå kommune til kommune.

Organisasjonen

NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.  

I tillegg til NAV-kontora er det over hundre spesialeiningar. Spesialeiningane løyser sentraliserte oppgåver som det ikkje er tenleg å utføre i førstelinja på det enkelte NAV-kontoret.

Hovudmåla til NAV er

  • fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
  • ein velfungerande arbeidsmarknad
  • rett teneste og stønad til rett tid
  • god service tilpassa brukaren sine føresetnader og behov
  • ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

Kva tyder NAV?

NAV er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. NAV var opphavleg forkorting for Ny Arbeids- og Velferdsforvaltning. NAV er no eit eigenamn og ei merkevare, og vi skriv det med store bokstavar.