Privatarkiv - ein viktig del av Åseral si historie!

Privatarkiv er arkiv etter private verksemder, lag, foreiningar og andre organisasjonar, samlingar, gardsbruk, enkeltpersonar og liknande.
Eller sagt på ein annan måte - det er aktørar som har bidrege til å skape liv og verksemd i Åseral. Arkiva dei har skapt er difor viktige kjelder til Åseral si historie. 
Viss me ønskjer at denne delen av Åseral si historie skal bli bevart for ettertida, må me ta vare på desse privatarkiva.

Har du sjølv eit privatarkiv, eller kjenner nokon som har det, så ta kontakt med Åseral kommune og/eller Statsarkivet i Kristiansand. Me kan bidra med innsamling, sikker oppbevaring og ordning. 
Informasjon om dei digitaliserte arkiva kan alle få på arkivportalen. Sjølve arkivmaterialet kan ikkje lesast på nett, men du får vite kor du kan finne dei.

Her finn du informasjon om det materialet som allereie er samla inn og organisert frå verksemder og foreiningar i Åseral kommune

Arkivportalen