Kreftkoordinator

Interkommunal kreftkoordinator er her for deg som har fått et kreftdiagnose og for dine pårørande. 

Kva kan vi hjelpe med?

Kreftkoordinatoren kan koordinere og tilrettelegge kvardagen for den kreftsjuke og pårørande på best mogleg måte i alle faser av sjukdomsforløpet - også etter endt behandling.

Kreftkoordinator kan:

  • vere ein ressursperson for deg som kreftpasient og din familie.
  • gje råd og veiledning om diagnose, behandling og rehabilitering.
  • vere ein samtalepartnar som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid.
  • bistå i samabeidet mellom deg, fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen.
  • bidra til å sikre oppfølging av barn og unge som pårørande.

Kven kan ta kontakt?

Den kreftramma sjølv, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Det er ikkje krav om tilvisning frå lege.

Kreftkoordinator er tilgjengeleg både på telefon og for fysiske samtaler - anten på kontoret eller heime hos pasienten/pårørande.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. 

 

Relevant informasjon på nett

På www.kreftforeningen.no kan du lese at dei har gratistilbod i heile landet. Dei skriv vidare at: "Ingen skal møte kreft alene. Hos oss kan du få råd og støtte i situasjonen du står i. Vi har rådgivningstjenester og en rekke møteplasser og hjelpetilbud."

www.parorendesenteret.no finn du informasjon for deg som er pårørande. Her finn du kunnskap, tips og råd, historier frå andre pårørande, og oversikt over rettigheiter og hjelpetilbod.

ungeparorende.no kan unge pårørande få tilpassa informasjon etter kor gamal ein er.

Her finn du LMT Setesdal

Postadresse: LMT Setesdal - Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje.
Besøksadresse: Nils Heglands veg 53, 4735 Evje. Sentrumsbygget, i 2. etasje. Bruk inngongen til høgre for Norli.