Det meste av kartinformasjon og opplysningar om eigen eigedom er tilgjengeleg for privatpersonar på "kommunekart" og MinEiendom. På Se eiendom kan ein finne eigedomsdata frå grunnbok og matrikkel.

Kommunen har avtale med 3 leverandørar av sjølbetjeningsløysningar for kjøp av kartdata, meklarpakke, nabolistar/nabovarsel, arkiv- og matrikkelinformasjon med meir. Kjøp av kartdata kan gjerast frå Norkart/eTorg, Ambita/inforland og proconet/ePlassen.

Sjå boksane nedanfor for meir info om korleis ein sjølv kan finne og skrive ut reguleringsplanar og kart, samt leveringstid og prisar ved kjøp via leverandørane.

Kommunekart

Kommunekart er ein kartteneste der ein enkelt kan finne detaljerte kart, arealplanar og flybildar av kommunen, samt lage terrengprofilar, teikne og måle avstandar.

Du gjer oppslag i kartet ved å søke på adresse, gards- og bruksnummer eller stadnamn i søkeboksen oppe i venstre hjørne.

Du kan sette på fleire kartlag ved å trykke på boksen «kartlag» oppe i venstre hjørne. Deretter kjem det opp ei boks til høgre der ein kan huke av ønsket kartlag. Ved å klikke på eit objekt i kartet vil du få opp meir informasjon.

Finn reguleringsplan og føresegner
Du kan enkelt finne gjeldande plan eller arealformål for eit bestemt område.

  • Søk opp adresse eller gards- og bruksnummer
  • Skru på kartlaget: Arealplan>reguleringsplan/kommunedelplan/kommuneplan.
  • Klikk på området/punktet i kartet
  • Under «Kartlagsinfo for valgt punkt» får du opp informasjon om kva plan og arealformål som gjeld på dette området/punktet.
  • Klikk på «Vis planinformasjon» for å komme inn i kommunens planregister. Her ligg PDF-versjon av kart og føresegner.

Dersom du allereie kjenner namnet på planen kan du enkelt søke denne opp i kommunen sitt planregister her

Skrive ut kart
For å skrive ut eit situasjonskart klikkar ein på Meny > Skriv ut i venstre hjørne. Vel arkstørrelse og målestokk. Flytt utsnittet til ønsket plassering. Klikk deretter på «Lag pdf», når pdf’en er ferdig trykker du «Last ned fil».

Min eiendom

På Minside kan du finne eigedomsinformasjon over tomter og boligar du eiger. Du må kunne logge deg inn i Id-porten ved hjelp at elektronisk ID.
Logg inn her: https://minside.kommune.no/

Se eiendom

På https://seeiendom.kartverket.no/ kan du søke på ein eigedom og finne eigedomsdata frå grunnbok og matrikkel. 

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle eigedomsregistar, og inneheld faktiske opplysningar om eigedomsgrenser, areal, bygningar og adresser.

Grunnboka inneheld tinglyste opplysningar om rettigheitar til eigedomar, slik som registrerte eigarar, panterettar og andre rettigheitar. eit grunnboksblad for ein eigedom inneheld også opplysningar om kva eigedom den er skilt ut frå, og om det er frådelt eigedomar frå den. 

 

Kjøp av kartdata

Kommunen har avtale med 3 leverandørar av sjølbetjeningsløysningar for kjøp av kartdata, meklarpakke, nabolistar/nabovarsel, arkiv- og matrikkelinformasjon med meir. 

Norkart/e-Torg

Ambita/Infoland

Proconet/ePlassen

Dei fleste produkta hos eTorg og Infoland er automatiserte og blir levert i løpet av minuttar.

Produkt som krever manuell behandling har ei leveringstid på inntil 5 arbeidsdagar, og litt lengre ved ferieavvikling. Dette gjelder for eksempel eigedomsopplysningar (meklarpakkar) og utskrift frå byggesaksarkivet.

 

Pris og produktsammensetning varierar mellom leverandørane. Sjå leverandørens bestillingsside.

For å betale kan du velje mellom å registrere deg som kunde eller du kan betale med kort. Nokre leverandørar støttar også Vipps.