Fiskeplass Austegard_comp

Austegard

Denne fiskeplassen er plassert i Austegard ved Lognavatn. Her kan du køyre heilt ned til vatnet. Den er tilrettelagt for rørslehemma med asfaltert sti, oppbygde fiskepirar, bord og benkar. Fiskeplassen ligg omkring 2 km frå Åknes med avkøyring over bru mot Austegard og Espelid. Ta fyrste veg til høgre når du kjem til Austegard.

Fiskeplass rundatjønn Bortelid_comp

Rundatjønn (Bortelid)

Denne fiskeplassen ligg ved Rundatjønn i Bortelid. Parkeringsplass på motsatt side av vegen gjer at vegen er kort ned til fiskeplassen som har opparbeida sti og oppbygde fiskepirar samt benkar/bord. Fiskeplassen ligg omkring 1 km nord for butikken i Bortelid på vegen inn mot Juvatn.

Fiskeplass Ljosland_comp

Ljosland

Denne fiskeplassen ligg i sørenden av Ljoslandsvatnet i tilknyting til hovudveg. Parkeringsplass og fiskeplass er begge på venstre side av vegen. Fiskeplassen har opparbeida sti samt  benkar/bord.Fiskeplassen ligg omkring 2 km sør for Ljosland Fjellstove og er godt merka med skilt på høgre side av vegen.

Fiskeplass torsland_comp

Torsland

Rett ved Thorslandbrua er det ein flott fiskeplass tilrettelagt for rørslehemma. Her kan ein køyre heilt ned til elva for å fiske. Det er ein asfaltert flate å stå på under brua og det er laga fiskepirar samt benkar/bord. Fiskeplassen ligg ca 2,5 km frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Køyr forbi industriområdet, og ta av på høgre side av vegen der det er skilta til Torsland. Fiskeplassen ligg på venstre side rett før brua.