«GARDSLIV I ÅSERAL» 2023

I 1977 arrangerte Åseral Bondelag "Landbrukets dag" for Vest Agder. Overskotet frå arrangementet blei plassert i eit filmfond i den lokale sparebanken, for å kunne lage ein film frå bygda vår.

Med seg på prosjektet fekk dei Åseral sogelag og Åseral kommune. Resultatert har blitt ein fyldig film der ein gjennom intervju, bilete og filmklipp syner gardslivet slik vi kjenner det i dag og slik det ein gong var.
Tidsepoken er frå siste del av 1800-talet fram til i dag. Filmen viser blant anna utviklinga frå hakke og hest til traktor og automatisering, samt oppbevaring av mat til menneska og til husdyra.

Dette har vore eit dugnadsprosjekt med over 90 personer som har delteke på ulikt vis!

Sumaren 2023 var det ei stor utstilling i eplehagen på Minne. 

Hausten 2023 fram til jul kan du sjå filmen på Minne kultursenter tysdag, onsdag, torsdag og fredag klokka 12:00.

«UTVANDRINGA FRÅ ÅSERAL TIL AMERIKA» 2021

Utvandringa til Amerika blei redninga for mange menneske frå Agder. Berre frå Åseral var det over tusen personar som reiste vestover før fyrste verdskrig. I forbindelse med dette er det blitt produsert to dokumentarar som begge omhandlar utvandringa til Amerika, men i forskjellige tidsepokar.

Filmdokumentaren «Hunting for land» omhandlar Torgeir Anderson som var blant dei fyrste som utvandra frå Åseral til Amerika. I 1861 reiste han frå Ljosland i Åseral over fjellet til Sirdal, vidare til Stavanger og derifrå med seglskute til Quebec i Canada. Videre gjekk turen med elvebåt til Milwaukee, så til fots vidare inn i Midtvesten. Vi har følgd i fotspora hans heile vegen frå Ljosland i Åseral til grava hans i Minnesota.

Dokumentaren «Frå flor til floor» omhandlar Amerika i etterkrigstida. Her har vi konsentrert oss om spesielle hendingar Åsdølar opplevde, som blant anna Åseralsjenta som vann Miss Norway-tevlinga i USA, og då Stavangerfjord mista roret på veg heim til Noreg under ein orkan.

«I LORDEN SINE FOTEFAR» 2017

Filmdokumentaren varar kring 55 minutt, og omhandlar då Lord Salvesen på byrjinga av 1900 talet bygde seg sitt eige jaktslott «Lordehytta»
Langt inne i fjellheimen ca. 11 kilometer frå Røysland i Åseral og endå lenger frå Knaben i Kvinesdal ligg Lordehytta attmed Vivatn. Her var det at Lord Salvesen på byrjinga av 1900 talet bygde seg sitt eige jaktslott, i ei tid lenge før snøscooter og helikopter. Her var det hest og kjerre eller klyving som vart nytta. Hytta vart bygd i Mandal og frakta heile vegen opp i nummererte deler. I tillegg til hytta er det og fleire andre bygningar som er knytt til, mellom anna eigen tenestebustad, hundehus og fangstlager.

«NOEN KALLER DET KUNST» 2015

Filmdokumentaren varar kring 60 minutt, og omhandlar korleis Åseral og åsdølane opplevde 2.verdskrig. Det er og tilhørande utstilling i museumsdelen på kultursenteret.

«FRÅ PLOG TIL HARPUN» 2013

Filmdokumentaren på kring 45 minutt tek føre seg Åsdølar på kvalfangst frå slutten av 40 til byrjinga av 60 talet. Årsaka til at Åsdølane fekk jobb som kvalfangarar var kontakten med Lord Edward Theodore Salvesen (1857-1942), mannen som bygde Lordehytta i Åseral.