Smeland - Setan

Turen startar på Smeland, der kanoar er lagt ut til deg. Padle i roleg og naturskjønt område heilt til Kyrkjebygda. Sett frå deg kanoen på Setan, rett ved den raude garasjen. Ynskjer du eit stopp for ein matbit, kan me hjelpe med transport av grillkull til rasteplassen ved Thorslandsbrua. Betaling og henting av nøkkel, årer og turbeskrivelse på Minne kultursenter.

Skjerka

På veg mot Eikerapen, rett før Skjerkabrua ligg kanoar til utleige. Her kan du padle både nord og sør, og er vasstanden låg er det mange fine strender med god mogelegheit for eit bad eller ein piknik. Betaling og henting av nøkkel og årer på Minne kultursenter.

Åknes

Ved stranda på Kyrkjeodden ligg kanoar til utleige. Padle på idylliske Lognavatn og nyt utsikten! Kanskje stikk du innom fiskeplassen i 
Austegard eller besøker Skraddarburet? Betaling og henting av nøkkel og årer på Minne kultursenter.

Leige kano

Ein kan leige kano fleire stader i Åseral. 

Eikerapen: Åseral turistsenter  | 38 28 38 50 | post@aseral-turistsenter.no

Ljosland: Ljoslandshytta | 909 30 125 | post@ljoslandshytta.no

Bortelid: Bortelid.no | 476 26 708 | bea.reuter@gmx.de