Bruksendring frå fritidsbustad til bustad

Åseral kommune opnar for å gje dispensasjon til fast busetting i hytter. Denne vegleiaren er utarbeida for å informera om kva som må vera på plass for at det kan vera aktuelt å gi slik dispensasjon.

Bruksendring frå fritidsbustad (hytte) til bustad vil utløysa krav om søknad etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav d). I tillegg må det søkast dispensasjon jf. plan- og bygningslova sitt kapittel 19 då ei slik endring vil vera i strid med pbl § 12-4 andre avsnitt (arealformål). Ein søknad om dispensasjon må grunngjevast, og ein må varsla naboar om dette.

Åseral kommune ønskjer å legga til rette for å kunne løyve dispensasjon, men for ikkje å undergrava intensjonane med dei gjeldande planane, vil mellombels dispensasjon jf. plan-og byningslova § 19-3 bli vurdert.

Det vil vera ein føresetnad at ein endrar bustadsadresse i folkeregisteret til den aktuelle eigedomen kor det blir løyvd dispensasjon. For informasjon – sjå www.skatteetaten.no. Dette vil bli satt som eit vilkår i vedtaket med en tidsfrist for oppfylling jf. plan- og bygningslova § 19-2 første ledd.

Før ein søker om dispensasjon/bruksendring oppfordrar me til å lese seg opp på temaet:
Sjå Skatteetaten sin artikkel "Dette bør du vite om flytting til hytta"
Sjå NVE sin artikkel "Krever bruksendring for å få strømstøtte til forbruk i fritidsboliger"
Sjå Statsforvalteren i Innlandet sin artikkel "ingen snarvei til strømstøtte på hytta"
Sjå uttalelse frå Kommunal- og distriktsdepartementet "Spørsmål om endra bruk av bolig frå fritidsbustad til heilårsbustad for å få straumstøtte"

Krav til bygningen ved bruksendring

Det følgjer av plan- og bygningslova § 31-2 første ledd første punktum at alle krav som kan stillast til oppføring av ny bygning til slik bruk som søknaden om bruksendring gjeld, kan òg stillast til den bygningen som skal bruksendrast. Dette gjeld alle dei krav som følgjer av byggteknisk forskrift til dømes krav til miljø, tilkomst, brannsikring, og til at bygningen er oppført teknisk forsvarleg. Det kan òg settast krav til byggtekniske installasjonar som fyringsanlegg, ventilasjonsanlegg, sanitæranlegg, varmeanlegg med meir.
Det kan i samband med søknad om dispensasjon – og søkast om dispensasjon frå krav i TEK 17. Dette må konkretiserast og synleggjerast av ansvarlig søkar.

For at kommunen skal kunne gje dispensasjon, må minimum følgjande vere ivareteke:

  1. Hovudhytte skal ha innlagt vatn
  2. Avløpsløysning skal tilfredsstilla krava til heilårsbustad – dette må dokumenterast
  3. Tilkomsten skal være vinterbrøyta
  4. Ligger hytta innafor ein bomveg, skal naudsynt offentlege instansar (utrykkingsetatar, heimeteneste med vidare ha gratis tilgang til nøkkel eller liknande)
  5. Det må ligga føre dokumentasjon på at radon-konsentrasjon målt etter Strålevernets prosedyrar, er innafor grenseverdiane. 
    (Bygg oppført etter 2011 er bygd med radonsperre/radonbrønn og tilfredstiller kravet)

Nokon av punkta ovanom vil kunne bli sett som vilkår i vedtak med ein tidsfrist – deriblant dokumentasjon for radonmåling og eventuelt førebyggande tiltak mot radon. Adresseendring i folkeregisteret vil òg vera eit vilkår for dispensasjon.

Om det blir sett vilkår i vedtaket, vil det kunne bli utstedt eit mellombels bruksløyve fram til vilkåra er oppfylt med ein tidsfrist jf. plan- og bygningsloven § 21-10 tredje ledd. Når vilkåra er oppfylt innan fristen, kan ein få ferdigattest.

Det vil bli sendt kopi av vedtak til Hægebostad og Åseral Renovasjonsselskap IKS (HÅR) og Brannvesenet Sør IKS.

Kva for skjema skal nyttast?

Ein slik søknad har krav til føretak som kan gis ansvarsrett for søknad, prosjektering og utføring. Dersom søknaden gjeld di eiga hytte, vil det vera mogleg å søkja som sjølvbyggar jamfør byggesaksforkrifta § 6-8. Om ein ønskjer å vera sjølvbyggar skal ein i tillegg til skjema det er synt til nedanfor, fylla ut blankett 5184.

Kva skal søknaden innehalde:

  1. Søknad om løyve til tiltak (blankett 5174) 
  2. Skriftleg søknad om dispensasjon som er grunngjeve vedleggast
  3. Opplysningar om tiltakets ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175).  Her skal det òg kryssast av for dispensasjon frå arealplan og eventuelt fråvik frå tekniske krav. I tillegg skal det leggast ved opplysing om kva ein ønskjer å fråvika og ei grunngjeving for dette. Et døme på dette, er at fritidsbustaden er i ein slik stand at det er forsvarlig å bu der utan trong for utbetringar.
  4. Søknad om løyve til tiltak og dispensasjon skal nabovarslast. For nabovarsel skal følgjande blankettar nyttast: 5156 og 5155. (Hugs å krysse av for dispensasjon her og). 
    Eventuelle merknadar skal svarast ut og leggast ved søknaden. Hugs at nabo har to veker til å kome med eventuelle merknadar.

Ved eventuelt innvilga søknad skal tiltakshavar melde flytting til ny adresse, dette vil bli satt som eit vilkår i vedtaket med en tidsfrist for oppfylling .

Førehandskonferanse

Det kan vera komplisert å vite kva som skal fyllast ut og kva for blankettar som skal nyttast. Om du er usikker kan den einskilte tiltakshavar/ansvarlig søker be om ein førehandskonferanse jf. plan- og bygningslova § 21-1.

Kostnadar

Så kva vil det koste å gjere hytta om til primær bustad?

Per 2024 koster det kr. 5000,- for søknad om dispensasjon og bruksendring frå fritidsbustad til bustad.  

I tillegg må det påreiknast endring i renovasjonsgebyret.
Sjå prisliste på har-renovasjon.no

Avløps- og vassavgifter er lågare for fastbuande enn for hytteeiningar.