Vedlikehald av veg

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Statens vegvesen har ansvar for fylkesvegane.
Zoom i vegkartet på vegvesen.no for å finne ut om det er privat, kommunal eller fylkesveg.

Kommunen har ansvar for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

OPPGÅVER

  • Fjellsikring 
  • Grøfterensk 
  • Kosting og reinhald 
  • Rydding av vegetasjon 
  • Oppmerking og skilting 
  • Tøming av vegsluk 
  • Reparasjon av vegdekke 
  • Vintervedlikehald

 

SIKTHINDRENDE VEGETASJON

Sikten må vere god langs vegar, fortau og gangvegar (senere kalt veg). Dette for å unngå ulykker med anten bilar, syklar eller fotgjengerar. Målet er at alle skal sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar sånn at eit køyretøy kan stoppe på ein tredel av avstanden mellom barnet og køyretøyet. Vidare skal framkomsten ikkje bli hindra av vegetasjon som veks ut på vegen sitt område. Større/høgare køyretøy har titt problem på grunn av dette. Vegetasjon skal heller ikkje skjule vegmerking, vegnamn- eller trafikkskilt eller belysning. Dersom eigedomen din grensar mot veg er det ditt ansvar å fjerne vegetasjonen som er til hinder.

Kommunen kan pålegge grunneigar å klyppe, skjere eller flytte vegetasjon som skaper hindringar (sjå vegleiar under). Den enkelte grunneigar vil først få ei oppmoding om å gjere tiltak sjølv. Dersom pålegget ikkje blir etterkome kan kommunen sjølv syte for naudsynt fjerning for grunneigar si reikning. 

Meld frå om feil på og ved vegane

Melding om feil eller skade på vegljos skal meldast direkte til kommunen på post@aseral.kommune.no eller tlf 38 28 58 00

Vakttelefon teknisk og drift: Tlf 970 96 200
Betjent fredagar frå kl. 15:00 - måndagar kl. 07:00
Betjent dagar før heilagdagar frå kl. 15:00, heile døgnet i høgtider - fyrste virkedag etter høgtid kl. 07:00

Meld frå om feil på vegljos

Melding om feil eller skade på vegljos skal meldast direkte til kommunen.

post@aseral.kommune.no eller tlf 38 28 58 00

Parkering

OFFENTLIGE PARKERINGSPLASSAR

Kommunen har offentlige parkeringsplasser i sentrum av Kyrkjebygd. I tillegg er det offentleg parkering på desse plassane: Eikerapen, Ljosland, Bortelid, Røysland og Skogresmyr (Handeland, Heigardan)

 

HJELP OSS FRAM – VI TRENG DI HJELP

  • Brannbil, brøytebil og søppelbil treng minimum 3 meter vegbreidde.
  • Tenk deg om når du parkerar. Liv og helse kan stå på spel dersom din bil sperrar vegen.
  • Feilparkerte bilar kan skape problem ved at søppelbilane ikke kjem seg frem til søppelspann og containarar.
  • Respekter skilt som angjev parkerings- eller stoppforbod.
  • Bilar som hindrar trafikken kan Politiet bøtelegge eller fjerne på eigar si reikning med heimel i Vegtrafikklova.
  • Sainhaustes og på vinteren er det ekstra viktig å tenke seg om.
  • Brøytemannskap må kome seg fram slik at dei får rydda vegane for snø.

 

BORTSETTE BILAR OG BILVRAK

  • Du kan melde inn til oss dersom du ser bortsette bilar eller bilvrak langs dei offentlege vegane i kommunen.
  • I samarbeid med Politiet vil vi sørge for fjerning.
  • Det kan imidlertid ta nokre veker på grunn av at eigar må sporast opp og varslast før fjerning.

Brøyting og strøing

Formål er å halde dei kommunale vegane så trafikksikre som mogleg gjennom vinteren. 

Kommunen har ansvar for å brøyte og strø kommunale vegar.. 

KORLEIS?

  • Vakthavande/brøytemannskap er i beredskap heile døgnet.
  • Dei vurderar ver/føretilhøve og brøyting vert etter behov.

PRIORITERING AV OPPGÅVENE

  1. Vegar med busstrafikk
  2. Resterande vegar
  3. Gang-/sykkelvegar og fortau
  • Normalt vil brøyting og strøing av vegnettet ta 4-6 timar.
  • Ved større nedbørsmengde må man bereikne noko lengre tid.

DITT ANSVAR

  • Bruk sunn fornuft slik at me alle er med å bidreg til god fremkommelighet.
  • Ikkje parker slik at du står til hinder for brøytebilen og hugs at brann- og søppelbilar treng minimum tre meter breidde for å kome fram.
  • Feilmeldingar for fylkesvegar: kontakt Vegmeldingssentralen på tlf. 175.
  • Feilmeldinger for kommunale vegar: kontakt kommunen

Brøyting av privat veg i Åseral

Den som kan søkja, jfr. gjeldande "TILSKOTSREGLEMENT FOR BUSTADBYGGING, SNØRYDDING, VATN OG AVLØP"

Alle hus med fast busetnad som stettar krava i pkt. 3.2 og kvar bueining langs vegen som blir brøytt.

Reglar for brøyting av private vegar, henta frå Tilskotsreglement for bustadbygging, snørydding, vatn og kloakk:

3. SNØRYDDING AV PRIVATE VEGAR.
3.1. Kommunen kan etter søknad rydde snø på private vegar til bustadhus med fast busetnad, jfr gebyrregulativ for Åseral kommune.
3.2. Reglane gjeld for vegar som har ei lengde på 75 m eller meir.
3.3. Det må vere semje blant alle oppsittarar langs vegen. Alle oppsittarane langs vegen må søke og alle må betale ei årleg avgift. Søknad sendast på skjema som vert utlevert av kommunen.
3.4. Oppsittarane langs vegen må sjølv syta for oppsetting av brøytestikker.
3.5. Snuplass utover plass for vanleg snuing med personbil, må oppsittarane rydde sjølv.
3.6. Eventuell skade og ulempe som snøryddinga måtte føre med seg, er kommunen uvedkomande.
3.7. Søknader om tilskot blir handsama av rådmann. Vedtaket er og rekne som enkeltvedtak i hht. Forvaltningslova. Kommunalutvalet er klageinstans.