Kva må sendast inn:

Søknad om arealoverføring
Situasjonskart
Nabovarsel
- Opplysningar gjeve i nabovarsel
Kvittering for nabovarsel
- Erklæring om arealoverføring
- Kopi av tinglyste pantedokument med erklæring frå pantehavarar om pantefrafall dersom det hefter pant i eigedom som arealet justerast frå.

Erklæring om pantefråfall

Eit pantefråfall må skrivast direkte på det originale pantedokumentet. Det kan sendast til tinglysing av panthavaren på forhand, eller av kommunen som vedlegg til meldinga om arealoverføring. Pantefråfallet kan formulerast slik:

«XX frafaller pant i areal som skal overførast frå gnr. … bnr. … til gnr. … bnr. ved arealoverføring. Arealet er på YY m2.»

For meir informasjon, sjå kva Statens kartverk skriv om arealoverføring HER

I tillegg må søknaden innehalde

- Eigenfråsegn om konsesjonsfridom, evt søknad om konsesjon, skjema finn du HER
- Mellom landbrukseiendommer må det gis samtykke etter jordlovens § 12. I slike tilfeller må konsesjon, eller egenerklæring om konsesjonsfrihet legges ved.
- Dersom arealoverføringa fører til at rettar eller hefte på eigedomane blir rørde, må dette ordnast opp i før arealoverføringa blir tinglyst.

Kven kan søke?

- Heimelshavarar til eigedomane som inngår i arealoverføringa. Er det fleire heimelshavarar til ein eigedom, er det viktig at alle heimelshavarar signerer.

Handsaming

- Søknaden vert først handsama etter plan- og bygningslova.
- Når det er gitt løyve til arealoverføringa etter plan- og bygningslova vil det bli sendt ut innkalling til oppmålingforretning.
- Arealet blir merka og målt med partane til stades.
- Arealet blir deretter ført i matrikkelen og sendt til tinglysing.

Pris

Sjå gebyrregulativ