Kremasjon

Kremasjon kan skje dersom det ikkje er kjent at det strider mot avdødes religiøse overbevisning eller det foreligg ein skriftlig erklæring. Kremasjon eller gravlegging skal skje seinest 8 dager etter dødsfallet.

Gravferdsbyrå

Det er full anledning til å besørge alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å nytta seg av eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda bestemmer i så fall sjølv kva for eit gravferdsbyrå vedkomande ønsker å nytta seg av.

Eit gravferdsbyrå kan blant annet bistå med å:

  • Fastsette tid for overføring, gravferd, kremasjon etc. 
  • Kontakten med prest, musikere, sangere, gravlund o.a. 
  • Skaffe kiste og utstyr, stelle avdøde 
  • Ordne transport av kista 
  • Ordne papirer til skifterett, politi, trygdekontor etc. 
  •  Annonsere dødsfallet 
  • Trykke salmer og takkekort 
  • Ordne blomster, dekorasjoner, kranser 
  • Legge til rette for og delta under sørgehøgtida 
  • Sørge for melding til og oppgjør med trygdekontor 
  • Ordne med minnesamvær 
  • Ordne med urnenedsetting
  • Ordne med inskripsjon på gravmonument, trekors og gravlykt 
  • Nokon byråer formidler også tenester som reingjering av bustad med rydding og bortkjøring.

Kva koster det?

Eit gravferdsbyrå skal uoppfordra tilby prisliste til kunder som retter forespørsl til byrået om gravferdstenester. Ved bestilling skal kunden uoppfordret få eit skriftlig pristilbod og få rimeleg tid til å sette seg inn i pristilbodet før avtale inngås.

Folketrygda kan yte behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i siste tilgjengelige likning/sjølvmelding. I dei fleste tilfelle gjeld at styttebeløpet reduseres med summen av avdødes finansformue og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt som følge av dødsfallet

Samarbeidspartnere

Kyrkjeleg fellesråd forvalter kommunens kyrkjegarder, men det er kommunen som bevilger pengar til drifta.

 

Klage

Kommunens avgjerd ved uenighet om kven som skal sørge for gravferda, kan ikkje påklagas. 
Den som har ansvaret for gravferda kan klage på eit gravferdsbyrå til Klagenemnda for gravferdstjenester, Postboks 2900 Solli, 0230 OSLO. Nemnda er sett saman av ein uavhengig jurist (nemndas leiar) og ein representant frå Forbrukerombudet og ein frå gravferdsbransjen.