Før vigselen

Det er skatteetaten som føretar den førebuande sakshandsaminga og alle skjema må fyllast ut på skatteetaten.no

Skjemaet blir sendt til det lokale skattekontoret Skatteetaten sjekker då om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Skatteetaten skriv så ut ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Denne attesten er gyldig i 4 månader frå utsending. Original attest må sendast til Åseral kommune seinast 3 veker før vigsel finn stad.

Du kan sende attesten til:
Åseral kommune
Gardsvegen 68,
4540 Åseral

Har du spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten

Kven kan kommunen vie?

Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for kommunen sine innbyggarar og personer som ikkje er busett i Noreg, men som fylle vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapsloven § 12 a.

Det er tilstrekkelig at éin av brurefolka er busett i kommunen for at plikta gjeld. Kven som vert rekna å vere busett i kommunen følger av dei alminnelige reglar om folkeregistrering av bustadadresse, jf. folkeregisterlova med føresegn.

Ekteskapslova bygger på ein føresetnad om at dei som oppfylle vilkåra for inngåing av ekteskap og krava til prøving, har krav på vigsel i Noreg. Dette gjeld også personar som berre oppheld seg midlertidig i landet. Kommunen sitt tilbod om borgarlig vigsel gjeld båe for utanlandske brurefolk og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse gruppene skal og kunne nytte seg av tilbodet i kommunen, utan å måtte betale for dette.

Kommunen kan sjølv bestemme om dei vil tilby vigsel for andre kommunar sine innbyggarar. Kommunestyre har vedteke å utvide tilbodet til òg å gjelde personar folkeregistrert i andre kommunar mot ei avgift (sjå prisliste).

Kostnader

Tilbodet om vigsel er gratis for kommunen sine eigne innbyggarar. Personar ikkje folkeregistrert i kommunen kan vigslast mot avgift (sjå gjeldande prisliste). 

Kommunen kan ta betaling for naudsynte meirkostnader dersom vigselen går utover det vanlige tilbodet om tid og stad.

Kor går seremonien føre seg?

Seremonien vil som utgangspunkt gå føre seg på rådhuset, i kommunestyresalen. Andre ønskjer kan ein diskutere med vigslar (ordførar).

 

Korleis føregår seremonien?

Det er ordførar eller kommunedirektør som vil stå for vigselen.

Brurefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigselen. Dei må vente utanfor seremonilokalet til dei blir vist inn.

Det skal vere to vitne tilstades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarar, men det kan og vere to andre myndige personar.

Dersom ein av brurefolket er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva språk som skal nyttast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må dykk sjølv syte for kvalifisert tolk.

Endeleg vigselattest vil bli ettersendt av folkeregisteret.

Lovverk

Lov om ekteskap (Ekteskapsloven)

Forskrift om kommunal vigsel


Har du spørsmål om sjølve vigselen, ta kontakt på: post@aseral.kommune.no eller ring på: 38 28 58 00