Dersom stikkleidningen frå hytta og til hovudleidningen blir å koste meir enn kr 125 000 inkl. mva (2011 kroner), vil hytta vera automatisk unnatatt frå denne ordninga. For januar 2020 utgjorde denne summen kr 158 000 inkl. mva.

Kostnadene for hytteeigaren vil vera: 
- Tilkoplingsavgift.
- Kostnaden til stikkleidning frå hytta og til hovudleidningen. (Denne vil variere frå nokon få kroner og opp til maksimalt kr 158 000 (jan 2020)) 
- Kostnadene som følgjer med naudsynt tilpassing i hytta (Denne summen vil og sjølvsagt variera mykje).

Så har kommunestyret vedtatt at hytteeigarar som ikkje ønskjer å legge inn vatn no kan få lov å vente med dette fram til; 
- det skjer eit eigarskifte (Dette inkluderer generasjonsskifte)
- hytteeigaren ønskjer å gjera eit arbeid på hytta som krev byggeløyve.

Den som er eigar av ei hytte før eit VA-anlegg blir bygd ut i området, kan altså vente med fysisk tilkopling. Føresetnaden er at hytteeigaren betaler tilkoplingsavgifta når anlegget står ferdig. Anlegget vil bli bygd slik at det er lagt til rette for fysisk tilkopling seinare.

Er det noko du lurar på vedrørande dette så vær vennleg å ta kontakt med servicekontoret på e-post: post@aseral.kommune.no eller med  Hilde Stuestøl Berg på epost: hilde.stuestol@aseral.kommune.no