• Ved deling av eigedom, blir eit areal av ein eksisterende eigedom frådelt, oppretta som ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) og tildelt eige matrikkelnummer (gards- og bruksnummer).
  • Den nye eigedomen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret og eigedomskartet).
  • Bestemmelser omkring deling av eigedom finnes i Plan- og bygningsloven og i Matrikkellova
  • For frådeling av eit areal som skal leggast til annan eigedom, sjå arealoverføring
  • For frådeling av eigedom over eller under bakken, sjå anleggseigedom
  • For frådeling av eigedom som skal leigast/festas bort i meir en 10 år, se festeigedom

Kven kan søke?

  • Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan søkes av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt.
  • I dei tilfella kor det er eit firma som er eigar av eigedomen, er det naudsynt at det blir lagt ved ein firmaattest av nyere dato.
     
  • Fullmaktsformular

Søknad om deling skal innehalde

  1. Skjema for deling skal nyttast. Skjemaet må underskrives av samtlige heimelshavarar.
  2. Situasjonskart – her skal det tydelig gå fram kva for areal som søkes frådelt.
  3. Gjenpart av nabovarsel.
  4. Ved frådeling av byggetomt:
       a. Naudsynte erklæringar (rett til veg, vatn og kloakk).
       b. Søknad om avkøyring til offentlig veg.
       c. Søknad om utslepp dersom ein ikke kan koplast til offentlig vatn og avlaup.
       d. Søknad om tilknytning dersom offentlige ledninger i området.
  5. Grunngjeve dispensasjonssøknad når formålet med frådelinga ikkje er i samsvar med gjeldende kommuneplan, kommunedelplan eller arealplan.
  6. Naboliste kan bestillast via kommunen - sjekk opp Infoland.

Saksgang

  • Når søknaden er registrert i kommunen, foretar vi ein enkel gjennomgang av saka.
  • Er det manglar i saka, orienterer vi om det.
  • Treng søknaden handsaming eller uttale frå andre offentlige instansar, syter kommunen for innhenting av desse.
  • Søkes det om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden og handsamast av landbruksmyndighetene etter Jordlova § 12.

Følgjande vilkår må være oppfylt:

  • Formålet med frådelingen må vere i samsvar med gjeldande arealplan, elles må det søkast om dispensasjon.
  • Tomta si form og storleik må vere skikka til bygningar. Dette gjeld både ny tomt og avgjevartomta.
  • Ny byggetomt må vere sikra lovlig tilkomst og avkøyring til offentlig veg.
  • Ny byggetomt må vere sikra lovleg vannforsyning og bortleiing av avlaupsvatn.

Vedtak etter plan- og bygningslova:

  • Vedtaket fattast med heimel i plan- og bygningslova.
  • Vedtaket sendes til søkaren med kopi til eventuelle partar som har hatt motsegn til søknaden.
  • Partar som har kome med merknader i saka har klagerett på vedtaket.
  • I saker der det er innvilga dispensasjon vil Fylkesmannen ha klagerett.

Vidare saksgang ved oppmålingsforretninga

  • Når du har motteke løyvet kan du rekvirere (bestille) oppmålingsforretning.
  • Rekvirenten(ane), naboar og eventuelle rettighetshavarar til arealet som skal frådelast blir innkalla til oppmålingsforretninga pr. brev minst to veker før oppmålingsforretninga skal haldast, dersom ikkje anna er avtalt (jf forskrift § 37 i matrikkellova).
  • Hvis nokon skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Oppmålingsforretning over eiendommen blir halden, kor partene bidreg med å påvise eksisterende grenser i samsvar med målebrev / skyldelingsforretninger.
  • Nye grenser etter delingsløyve blir påvist og blir stukke ut av landmåler.
  • Grensemerke blir sett ned i marka og grensepunkta blir målt.
  • Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.

Matrikkelføring og tinglysing

  • Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført og eventuelle vilkår er oppfylt, blir den nye matrikkeleininga ført inn i Matrikkelen og sendt over for tinglysing (sjå matrikkelloven § 15).
  • Dersom det er tinglyst uråderett på eiendommen arealet skal deles frå, eller det er andre tilhøve som hindrar tinglysing, vil saka bli returnert til kommunen og deretter til partene for retting.

Matrikkelbrev

  • Når kommunen får tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, blir matrikkelbrev utarbeida og sendt til rekvirenten(-ane).
  • Partane har klagefrist på 3 veker frå det tidspunkt då matrikkelbrev blei motteke.

Pris

  • Arbeidet med ei frådelingsak er gebyrbelagt.
  • Det vil være eit gebyr for sakshandsaming etter plan og bygningslova og eit gebyr for oppmålingsforretninga.
  • I tillegg kjem tinglysingsgebyr.

Skjøte

  • Overskjøting av den nye parsellen til ny eigar må partene ordne sjølv.
  • Er det behov for hjelp til oppretting av dokument som skal tinglysast, vil vi anbefale at partane søker hjelp hos ein eiendomsmeklar eller advokat.

Meir informasjon om heimelsovergang ved skjøte: