Sjølve skulebygget blei ferdigstilt og klar til bruk hausten 1972.
Etter fleire påbyggingar og ombyggingar gjennom åra, er resultatet eit moderne og romsleg skulebygg.

I 2013 fekk ungdomsskulen eige bygg. Ungdomsskulebygget er tilknytt fleirbrukshall, som inneheld idrettshall, symjehall og auditorium som t.d. ungdomsklubb og bygdekinoen nyttar. Symjehallen er me så heldig å kunne bruke i alle trinn, heile året.
 

Uteområdet vårt er stort, med ballbinge, leikeområde, klatreområde og handballbane.
I 2013 blei Åseral Idrettspark ferdigstilt. Dette er eit flott friidrettsanlegg som er oppført like ved skulen, og som er blitt ein viktig del av uteområdet til elevane. I tillegg fekk ungdomsskulen eige uteområde, ein aktivitetspark, i som blei ferdigstilt i 2017.

Me har eit uteskuleområde i umiddelbar avstand til skulen. Dette blir mykje nytta, særleg i dei lågare klassetrinna. Me har også ein park like ved skuleområdet, som nyttast til ulike aktivitetar, t.d. aking på vinteren.

Skulen sin visjon:  TRYGGLEIK, TRIVSEL OG LÆRING

 

SKULEN SI HEIMESIDE:

www.åbus.no